MIDR504 Fysisk aktivitet og folkehelse
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet vil primært rette seg mot studentar som vil arbeide med oppgåver innanfor fysisk aktivitet og folkehelse med følgjande hovudområde:
Utforske korleis fysisk aktivitet kan brukast til å førebygge og fremja den fysiske og psykiske folkehelsa
Det er åtte temaer i emnet:
- Fysisk aktivitet og folkehelseoversikt
- Fysisk aktivitet og folkehelsearbeid
- Fysisk aktivitet og metabolske lidingar
- Helse som subjektivt fenomen
- Fysisk aktivitet og målemetodar
- Fysisk aktivitet og muskel- skjelettlidingar
- Fysisk aktivitet, kreft og lungelidingar
- Fysisk aktivitet og psykisk helse
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om helse og korleis helse fordeler seg i befolkninga, samt kunne gjere greie for endringar i helseåtferd over tid
- har avansert kunnskap om årsaker til sentrale livsstilssjukdomar som lettare og moderate psykiske lidingar, muskel- og skjelettlidingar, kreft, overvekt, metabolsk syndrom, diabetes og hjarte- og karsjukdom
- har inngåande kunnskap om korleis fysisk aktivitet og friluftsliv kan brukast for å fremme helse, samt førebygge og behandle sentrale livsstilssjukdomar
- har avansert kunnskap om effekten av ulike styrketreningsmetodar og deira moglegheiter for å fremme folkehelse, førebygge og behandle muskel- og skjelettlidingar
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke relevante målemetodar og evalueringsformer som nyttast innanfor feltet fysisk aktivitet og helse, og vurdere styrkar og svakheiter ved desse
- kan formidle kunnskap om samanhengen mellom fysisk aktivitet og sentrale livsstilssjukdomar og kan gjere greie for sentrale fysiologiske mekanismar som ligg til grunn for denne samanhengen
Generell kompetanse
Studenten
- kan kritisk analysere og presentere resultat frå sentrale epidemiologiske og eksperimentelle studium på feltet fysisk aktivitet og folkehelse
- kan kommunisere faglige problemstillinger innen fysisk aktivitet og helse og arbeide pedagogisk for å fremme helse
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid. Det blir lagt opp til to-tre plenumssamlingar i veka, dels med førelesing og dels med obligatoriske studentpresentasjonar. Studentane får framleggings- og innleveringsoppgåver gjennom emnet som skal stimulera til studentaktiv læring. Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er knytt arbeidskrav til kvart tema i emnet:
- tre individuelle skriftlege arbeidskrav med eit omfang på 1000-2000 ord
- fem seminar med gruppeframlegg og plenumsdiskusjon om utdelte oppgåver
På dei individuelle skriftlege arbeidskrava får studenten skriftleg individuell tilbakemelding, medan det på seminara vert gjeve munnleg tilbakemelding i plenum.
Vurderingsform
Heimeksamen. Individuell skriftleg eksamen der studenten vel ein av to eller fleire definerte oppgåver. Tid: 10 dagar. Arbeidet vert vurdert med gradert karakter A-F.