Hopp til innhald

MIDR505 Læring i idrett, kroppsøving og friluftsliv

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet tek opp eit utval tema og problemstillingar som er sentrale for læring innanfor idrett, kroppsøving og friluftsliv. Det har som hovudmål å gi studentane inngåande kunnskapar om læring og utvikling frå ulike perspektiv.

Det er åtte tema i emnet:

  • Ulike læringsperspektiv og modellar
  • Kroppens språk
  • Fenomenologisk pedagogikk og kroppsøving
  • Læring i risikofylte miljø
  • Sosiokulturelt perspektiv på læring
  • Kognitivt perspektiv på læring
  • Danning og bevegelse
  • Dynamisk-økologisk perspektiv  på læring

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten:

  • har inngåande kunnskapar om perspektiv på danning, læring og utvikling av ferdighetar
  • har inngåande kunnskapar om miljøets betyding for korleis individ og grupper lærer og utvikles
  • har inngåande kunnskapar om forholdet mellom undervisning og læring, og på bakgrunn av dette kunne bruke fagdidaktisk kunnskap i konkrete læringssituasjonar som trenar eller lærar
  • har inngåande kunnskap om pedagogiske teoriar og didaktiske arbeidsmetodar som er sentrale for undervisnings- og læringsprosessar i idrett, kroppsøving og friluftsliv

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan analysere og reflektere over betydinga av leik og bevegelsesaktivitetars eigenart i eit danningsperspektiv
  • kan analysere og reflektere over læringsteoretiske ståstadar og korleis teoriane kan nyttast i relasjon til forskings- og utviklingsarbeid
  • kan analysere og reflektere over leiarskapets betyding for sosiale læringsprosessar
  • kan analysere og forholda seg kritisk til vitskaplege arbeid og andre informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan kommunisere med både spesialistar og allmenta om problemstillingar, perspektiv, analysar og konklusjonar knytt til læringsprosessar i idrett, kroppsøving og friluftsliv
  • kan bruke innsikt om læringsprosessar i idrett, kroppsøving og friluftsliv for å endra atferd, vanar og praksisfellesskap

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid. Det blir lagt opp til to-tre plenumssamlingar i veka, dels med førelesing og dels med obligatoriske studentpresentasjonar. Studentane får framleggings- og innleveringsoppgåver gjennom emnet som skal stimulera til studentaktiv læring. Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er knytt arbeidskrav til kvart tema i emnet:

  • tre individuelle skriftlege arbeidskrav med eit omfang på 1000-2000 ord
  • fem seminar med gruppeframlegg og plenumsdiskusjon om utdelte oppgåver

På dei individuelle skriftlege arbeidskrava får studenten skriftleg individuell tilbakemelding, medan det på seminara vert gjeve munnleg tilbakemelding i plenum.

Vurderingsform

Heimeeksamen. Individuell skriftleg eksamen der studenten vel ein av to eller fleire definerte oppgåver. Tid: 10 dagar.

Arbeidet vert vurdert med gradert karakter A-F, der F svarar til Ikkje bestått.