Hopp til innhald

PS1-301 Vitskapsteori, metode og etikk

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar og perspektiv, og fokuserer på korleis dei kjem til uttrykk i val av metode, analyse av data og formidling. Fokus er retta mot vitskapleg verksemd generelt, og forsking innan psykisk helsearbeid spesielt. Evne og vilje til å stille kritiske vitskapsteoretiske, metodologiske og etiske spørsmål ved korleis forskingsprosjekt planleggast, gjennomførast og formidlast i vitskapelige publikasjonar vert vektlagt. Sentrale tema som blir belyst er:

  • Vitskapsteori og metode
  • Litteraturstudie
  • Akademisk skriving
  • Datainnsamlingsmetodar for kvantitativ og kvalitativ metode

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. 

Kunnskap:

Studenten...

  • har inngåande kunnskap om vitskapsteoretiske tradisjonar og perspektiv
  • har inngåande kunnskap om karakteristika ved kvantitative forskingsmetodar og kvalitative forskingsmetodar
  • har inngåande kunnskap om etiske prinsipp for forsking, og evne til å kritisk vurdere etiske aspekt ved gjennomføring av et forskingsprosjekt
  • har inngåande kunnskap om prinsipp for akademisk kjeldehandtering og siteringspraksis.
  • har inngåande kunnskap om etiske og metodiske utfordringar av spesielt stor relevans for psykisk helsearbeid

Ferdigheiter:

Studenten...

  • kan kritisk evaluere metodologiske aspekt ved kvalitative og kvantitative forskingsprosjekt
  • kan identifisere og kritisk evaluere etiske aspekt ved forskingsprosjekt
  • kan kritisk vurdere kjeldebruk i vitskapelige publikasjonar

Generell kompetanse:

Studenten...

  • har innsikt i vitskapsteoretiske og metodologiske aspekt ved vitskapleg verksemd generelt
  • kan nytte kunnskapen til å stille kritiske vitskapsteoretiske, metodologiske og etiske spørsmål ved korleis forskingsprosjekt planleggast, gjennomførast og formidlast i vitskapelege publikasjonar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåveskriving individuelt og i gruppe, kollokviegrupper, rettleiingsgrupper, seminar med diskusjonar, sjølvstudium.

Gruppeoppgåve basert på kritisk gjennomlesing av fagfellevurderte vitskapelige artiklar med spesiell relevans for fagfeltet. Munnleg framlegg i plenum.

Seminar: Eit halvdagseminar der aktuelle forskarar ved HiSF, Helse Førde, eller praksisfeltet presenterer pågåande forsking innanfor fagfeltet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering;

1. Individuell oppgvåve, der sentrale spørsmål knytt til vurdering av vitskaplege artikkel blir presenterte i gruppe.

2. Minst 80 % deltaking i rettleiingsgruppe (2 timar).

3. Obligatorisk deltaking i seminar.

Vurderingsform

Individuell skrifteleg skuleeksamen, 4 timar.

Vurderingsuttrykk

Karakterskala A - F, med A som beste karakter og karakteren F som ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • PS106 - Fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk - Reduksjon: 3,5 studiepoeng