PS1-303 Kommunikasjon, samarbeid, konfliktforståing og konfliktløysing
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Samspel mellom menneske er sentralt i forståing av utvikling av psykiske lidingar så vel som betringsprosessar. Teori, modellar for kommunikasjon og kunnskap om konfliktar og løysing av konfliktar blir belyst.
Sentrale tema:
- Kommunikasjons- og terapimetodar knytt til psykiske lidingar
- Relasjonen si rolle i psykisk helsearbeid
- Relasjon knytt til makt/avmakt, konflikt, tvangs- og kontrolltiltak
- Brukarperspektivet, autonomi, brukarmedverknad
- Konfliktforståing
Læringsutbytte
Ein studenten med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten...
- har avansert kunnskap om kommunikasjons- og samhandlingsprosessar
Ferdigheter:
Studenten...
- kan anvende relevante tilnærmingar i kommunikasjon og samhandling med pasientar, brukarar og pårørande med ulik kulturell og sosial bakgrunn, i samarbeid med andre profesjonelle
- kan nytte anerkjent kunnskap om ulike psykiske lidingar og kommunikasjon og konfliktløysing på ein sjølvstendig måte
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan reflektere kritisk over egen kommunikasjon og samhandling
- kan argumentere for og sjølvstendig nytte relevante teori om kommunikasjon i samhandling med pasientar, brukarar, pårørande og fagpersonar i psykisk helsearbeid
- kan formidle betydinga av relasjonen og brukarperspektivet i psykisk helsearbeid på ein sjølvstendig måte
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten gjennomfører kommunikasjonsøvingar i grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivtetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering:
1. Individuelt arbeid og presentasjon i gruppe.
2. Minimum 80% deltaking på kommunikasjonstrening, med og utan e-læringsverktøy.
3. Minimum 80 % deltaking i rettleiingsgrupper (2 timar).
Vurderingsform
Skriftleg individuell oppgåve, maks 3000 ord. Oppgåvetekst vert gitt ved emnestart.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakter A-F, med A som beste karakter og F som ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel