Hopp til innhald

BARN110 Danning og akademisk handverk

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Danning gjennom utdanning bidreg til klok bruk av kunnskap. Emnet Danning og akademisk handverk er eit innføringsemne og er studenten sitt første møte med Høgskulen på Vestlandets faglege og sosiale fellesskap. Den profesjons- og arbeidslivsretta høgskulen byggjer på samspel, berekraft og nyskaping.

Emnet fremjar perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Innføringsemnet rettar merksemda mot berekraft og vårt felles globale ansvar både for dei som lever i dag og dei som kjem etter oss. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og å til utvikle evna til nyskaping.

Emnet siktar mot å utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar og fag si forståing av og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i forhold til utdanning og berekraft. Emnet legg til grunn at vitskapleg arbeid mellom anna er eit akademisk handverk. Informasjonskompetanse og skriving av tekstar utgjer deler av dette handverket, og emnet gir grunnleggjande opplæring. Ved bruk av akademiske arbeidsmåtar vert ein kjent i og tek del  i bygginga av kunnskapens hus. Handverket set ein i stand til å kunne vurdere og dokumentere informasjonskjelder, og til å utvide og utdjupe kunnskap. Handverket set ein i stand til å skrive akademiske tekstar.

Danning er det som mennesket prøver å gjere av seg sjølv i eit samfunn. Danning gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen, Kunnskapar, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på  ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere.

Utdanning er menneskets formidling og tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner. Slik vert individet i stand til å delta i arbeidsprosessar. Utdanning byggjer menneske og samfunn.

Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).

Emnet går i det første semesteret av studiet og skjer i samspel med studentar, og fagleg og administrativt tilsette. Innføringsemnet har ein felles del som utgjer 5 studiepoeng og ein spesifikk utdanningsdel på 2,5 eller 5 studiepoeng. Delen som er felles og utdanningsdelen utgjer ei integrert eining.

Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha fylgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Kandidaten

  • kjenner hovudlinjene i diskusjonen om berekraftig utvikling i det globale samfunnet.
  • har kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og forskingsbasert kunnskap.
  • har kunnskap om relevansen av profesjonell kompetanse og om perspektiv på forholdet mellom teori og praksis i eigen profesjon eller i eige fagområde .
  • har kunnskap om forholdet mellom profesjonell kompetanse, arbeidsliv og samfunn i samtid og fortid.
  • har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid.

Ferdigheiter: Kandidaten

  • kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt
  • kan identifisere og reflektere over sentrale etiske problemstillingar og dilemma
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  • kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava

Generell kompetanse: Kandidaten

  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe 
  • kan formidle sentralt fagstoff og diskusjonar om berekraft og vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasseromspedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas. Undervisnings- og læringsformene vil slik variere mellom ressursførelesingar og aktivitetar som fremmar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Det vert gitt rettleiing. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet:

  1. Individuelt refleksjonsnotat knytt til berekraftsmåla og eigen profesjon eller eige fagområde.
  2. Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  3. Deltaking i gruppearbeid med rettleiing knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft samt det å vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt.

Vurderingsform

Skriftleg gruppeoppgåve, lengde 1 500 ord +/- 10%

Vurderingsuttrykk Bestått/Ikkje bestått

Ny eksamen Ved ikkje bestått eksamen må studentane levere ei ny skriftleg gruppeoppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NABP1003 - Danning og akademisk handverk - Sjømannskap - Reduksjon: 5 studiepoeng