EVN1014 Bærekraftig leiing
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
I dagens omskiftelege verkelegheit stillast det stadig strengare krav til evne til å tilpasse og endre seg. I samarbeid med Bergen Næringsråd og PwC er vi er glade for å kunne ønskje velkomen til denne unike kombinasjonen av eventyr og mogelegheit til å auka si kompetanse på berekraftig leiing. Kurset tek utgangspunkt i leiarrolla, og inspirerer og støtter leiarar og leiartalent i å utvikle seg som berekraftige leiarar!
Kurset er ein del av Statsraad Lehmkuhl si jordomseiling One Ocean Expedition. Etappa går fra Yokohama til Shanghai. Under overfarta arbeidar deltakarane som medseglarar, i kombinasjon med kursaktivitet. Denne kombinasjonen mellom kurs og seglas byr på unike erfaringar og relasjonar. De vil saman oppleve å handsama utfordringar etter kvart som dei dukkar opp, operere eit av dei største og mest berekraftige seglskipa i verda og få ei unik naturoppleving på eit av verdas vakraste havstrekkjer.
Innhaldet i emnet bygger på relevant teori, som til saman dannar grunnmuren for ei heilskapleg forståing av berekraftig leiing. For eksempel vert Hargreaves og Fink (2006) si framstilling av sju grunnleggande prinsipp for berekraftig leiing inkludert.
I innleiande faser av kurset får deltakarane lære om kva berekraftig leiing er, og korleis denne leiingsfilosofien har vore forstått i litteraturen. Vidare er kursets mål å la deltakarane utforske berekraftig leiing «innanifrå-og-ut;» Deltakargruppa(ene) samskaper ei forståing av berekraftig leiing - og kva mogelegheiter og utfordringar som finst innan dette omgrepet. kva betyr berekraftig leiing i akkurat min organisasjon?
I samspel med dei andre kursdeltakarane og dyktige instruktørar vert den einskilde utfordra til å vidareutvikle sin leiaridentitet og si leiarrolle i eit berekraftig perspektiv.
Nokre eksempel på refleksjon vil kunne vere spørsmål som:
- På kva for ein måte kan eg som leiar bidra til konstruktiv og berekraftig utvikling av organisasjonen og dens omgivnad, lokalt og globalt?
- Korleis kan eg som leder bidra til konstruktiv utvikling av mine medarbeidarar?
- Korleis oppfattast eg i leiarrrolla?
- Kva for utfordringar og moglegheiter kan leiing i ein berekraftig, internasjonal og mangfaldig setting føra med seg? Korleis kan eg som leiar møte desse på ein god måte?
Kursets tidslinje:
- 05.09.22 - Kurset startar opp med nettbasert fagworkshop
- 14.09.22 - Første fysiske samling! Vi møtast i Japan! Deltakarane opphalder seg første natt om bord på Statsraad Lehmkuhl
- 15.09.22 - Vi set segl frå Yokohama
- 24.09.22 - Ankomst, Shanghai
- 25.09.22 - Fagleg samling i Shanghai
- 26.09.22 - Layoverarrangement i Shanghai (meir informasjon kjem)
Etter seglasen vil det vera mogeleg å delta på ein fagleg modul (EVN2015) som saman med kurset gir 10 studiepoeng. Krav til å avleggje eksamen er generell studiekompetanse. Eksamensavgift for modulen er ikkje inkludert i kursavgifta. For meir informasjon, villkår og påmelding, klikk her. Du kan også lese meir om kurset på Bergen Næringsråds heimesider.
Læringsutbytte
Studenten har grunnleggjande kunnskap om kva berekraftig leiing er, og kva som skil denne leiingsfilosofien fra andre leiingsteorier og -filosofiar.
Studenten evner å bruke denne kunnskapen. Eksempelvis evner studenten å reflektere over korleis prinsipp knyta til berekraftig leiing kan takast i praktisk bruk i eigen organisasjon. Studenten kan drøfte berekraftig leiing med andre.
Studenten har en god forståing av sin rolle som berekraftig leder.
Studenten har utvikla god forståing av på kva måte kommunikasjon er ei nøkkelferdigheit i einkvar leiingssituasjon. Studenten evner også å bruke ulike strategiar for å auke eigne kommunikasjonsferdigheiter.
Krav til forkunnskapar
Generell studuekompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Kursets målgruppe er leiarar og leiartalent fra akademia, privat- og offentlig sektor
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, individuelt- og gruppearbeid, øvinger i team, refleksjon og diskusjon. Aktiv deltakelse som medseglar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking på seilas og relaterte aktiviterar
Vurderingsform
Etter seglasen vil det vera mogeleg å registrere seg til en eksamen som saman med seglasen gir 10 studiepoeng. Krav til å avleggje eksamen er generell studiekompetanse, samt deltakelse på seglasen .