Hopp til innhald

MKUF501A Litteratur som kunstfag

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Dette er eitt av to studieretningsemne med ei innretning mot barne- og ungdomslitteratur. Emnet gir studentane erfaring med og inngåande kunnskap om estetiske tilnærmingar til barne- og ungdomslitterære uttrykk i ulike medium. Litterære tekstar i interaksjon med andre medieuttrykk og kunstformer vil stå sentralt. Emnet inkluderer også refleksjonar knytt til retorikk, estetikk og etikk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har spesialisert kunnskap om korleis ein kan forstå og avgrense litteraturomgrepet, og om kva plass litteraturen har i kunstfeltet
  • har inngåande kunnskap om sentrale teoretiske posisjonar innanfor litteraturstudiar, som hermeneutikk, retorikk, resepsjonsteori, adaptasjonsteori og multimodal teori
  • har avansert kunnskap om teoretiske perspektiv knytt til omgrepa barn/barndom, kjønn, interkulturalitet, materialitet og performativitet
  • har inngåande kunnskap om sentrale formtrekk ved ulike typar barne- og ungdomslitteratur i ulike sjangrar og medium

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og kritisk vurdere nasjonal og internasjonal forskingslitteratur og tilhøyrande forskingstradisjonar og kan nytte desse ferdigheitene i profesjonsutøvinga
  • kan nytte sentrale teoretiske perspektiv i analyse av konkrete tekstar for barn og ungdom
  • kan analysere samspelet mellom ulike uttrykksformer i multimodale tekstar, som til dømes bildebøker, teikneseriar, film, digitale applikasjonar og spel, og vurdere tekstane som heilskaplege uttrykk.
  • kan delta i faglege diskusjonar om barne- og ungdomslitteratur
  • kan reflektere kring rolla litteraturen kan ha i etisk og estetisk danning

Generell kompetanse

Studenten

  • kan sjå har kunnskap om barne- og ungdomslitteratur i det litterære og kunstfaglege utdanningsfeltet
  • kan vere ein ressurs i faglege samanhengar i spørsmål om litteraturundervisning og -formidling
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre uttrykksformene til fagområdet
  • kan kritiske vurdere ulike teksttypar i dei tekst- og kulturhistoriske samanhengane desse inngår i

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene er varierte. Dei vil vere førelesingar, fagseminar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og ei aktiv tilnærming til problemstillingane studentane vert presenterte for. Ein forventar at studentane deltek i seminargrupper.  

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Ein obligatorisk munnleg læringsaktivitet. Studentane skal førebu ein litterær samtale for medstudentar med utgangspunkt i ein sjølvvalt litterær tekst. Omfang: 10-12 minutt. Skal leverast som lydfil i Canvas.
  • Ein obligatorisk skriftleg læringsaktivitet. Studentane vel sjølv ein litterær tekst og analyserer den med utgangspunkt i teoretiske posisjonar og perspektiv som er dekka i pensumlitteraturen. Omfang: 1500 ord (+/- 10 %). Skal leverast som tekstfil i Canvas.

Presisering av formelle krav vert delte ut ved semesterstart.

Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere utførte og godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Studentar som ikkje har godkjent ein obligatorisk læringsaktivitet får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar. 

Vurderingsform

10 dagars heimeeksamen.

Studentane skal skrive ein teoretisk, analytisk og didaktisk drøftande fagartikkel knytt til ein eller to litterære tekstar.

Omfang: 5000 ord (+/- 10 %).

Språk: norsk eller engelsk.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått