MOØ224 Innovasjon i tverrfaglege team
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Målet med emnet er å gi studentane kunnskap og praktiske ferdigheiter til å gjennomføre ein innovasjonsprosess. I emnet skal studentane ta utgangspunkt i ei industriell utfordring eller problemstilling frå ei bedrift eller organisasjon, og utvikle ei løysning i form av eit nytt produkt, prosess eller teneste. Løysninga skal adressere økonomiske, miljømessige og samfunnsmessige forhold. Utviklinga av løysinga skal skje gjennom gjentakande interaksjonar med relevante aktørar som brukarar, kundar, investorar, forskarar, samarbeidspartnarar og andre. I emnet skal studentane jobbe i tverrfaglege team med å utvikle løysninga.
Studentane kan ta utgangspunkt i ei utfordring knytt til i) ein eigen forretningsidé, ii) ein idé frå eit regionalt forskings- eller næringsmiljø, eller iii) ein idé frå ei bedrift, ei offentleg verksemd eller frivillig organisasjon i regionen. HVL samarbeidar tett med sentrale aktørar i regionen for mobilisering av relevante idear.
Emnet kombinerer praktisk orienterte seminar og arbeid i tverrfaglege studentteam. Studentane får ei praktisk innføring i korleis dei kan gjere seg nytte av ulike innovasjonsmetodikker for å utvikle innovasjoner. Emnet gir studentane erfaring med - og kunnskap om arbeid i tverrfaglege team som kreativitet i team, læring og teamleiing. Det vil bli lagt vekt på at studentane skal tenke kritisk rundt bruk av innovasjonsmetodikk, samt refleksjon rundt eiga læring og ansvar i innovasjonsarbeidet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten..
- har inngåande kunnskap om innovasjonsprosessen og kva rolle samspelet mellom ulike aktørar har i utvikling og realisering av ein idé
- har avansert kunnskap om ulike innovasjonsmetodikkar og verktøy for å utvikle og leie innovasjonsprosessar.
- kan reflektere kritisk om bruk av innovasjonsmetodikkar og ansvar i innovasjonsarbeidet
Ferdigheiter
Studenten...
- kan vurdere relevansen av ulike innovasjonsmetodikkar og kan bruke desse i arbeidet med å realisere ein innovasjon
- er kjent med prototyping som metodikk i forretningsutvikling, og kan bruke prototyping i utvikling av ein innovasjon
- har evne til å reflektere over kva som fremmer og kva som hindrar tverrfagleg samarbeid i team
- kan kommunisere resultat frå innovasjonsprosjektet til ekspertar frå næringslivet.
Generell kompetanse
Studenten...
- kan forstå utfordringar med tverrfaglege teamarbeid og kan bidra i tverrfaglege team gjennom å vise samarbeidsevne, kreativitet og ansvar
- kan forstå dei ulike fasane som inngår i ein innovasjonsprosess og kan i praksis realisere ein innovasjon i tett interaksjon i eit team og med andre relevante aktørar og brukarar
- kan bidra til nytenking og kreativitet i innovasjonsprosessar
Krav til forkunnskapar
Opptakskrava til studiet
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene omfattar studentaktive oppstartsseminar, arbeid med innovasjonsprosjekt gjennom tverrfaglege studentteam, studentgruppepresentasjonar samt deltaking på seminar. I oppstartsseminara får studentane ei praktisk innføring i innovasjonsmetodikkar, tverrfaglege teamarbeid og verktøy til å leie innovasjonsprossar . Studentane får òg ei praktisk innføring i prototyping. Teamarbeidet utgjer hovuddelen av kurset, og det blir forventa at studentteama arbeidar sjølvstendig. Kvart studentteam vil få tilbod om rettleiing av interne og eksterne rettleiarar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende for at kandidaten kan ta eksamen:
•Obligatorisk innlevering av midtvegsrapport
•Obligatorisk innlevering av sluttrapport
Godkjende arbeidskrav er gyldige i eksamenssemesteret og i det påfølgjande semesteret.
Vurderingsform
Deleksamen med to munnlege gruppevise presentasjonar. Karakter blir gitt individuelt. Alle delane må vere bestått for å få karakter i emnet.
Kvar deleksamen utgjer 50% av endeleg karakter.
Karakterskala er A-F der F er ikkje bestått.