Hopp til innhald

YFL806 Industri 4.0 og 21st Century skills for TIP, BA og EL

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Vidareutdanningstilbodet tek utgangspunkt i næringslivet sine signal om behov for ny ekspertise og fagkompetanse for å kunna gå framtida i møte. Lærarar som underviser i programfag og YFF må difor ha  kjennskap og innsikt i desse behova for at ungdomane som fullfører ei yrkesfagleg utdanning skal få den rette framtidskompetansen. Det inneber mellom anna endringskompetanse, og å bli utfordra på å medverka i alle delar av undervisinga for å utvikla eigne læringsstrategiar. Interessedifferensiering, yrkesrelevans og meiningsfull opplæring for yrkesfagelevar er målet.

Studiet og eksamensforma skal sikra deling av kompetanse både innan eigen skule og på tvers av skulane til medstudentane. Studentane skal sitja att med auka innsikt i yrkesfaga si utvikling i framtida og behovet for eit vidt spekter av ny fag- og yrkeskompetanse, og dei skal få inspirasjon og sjølvsikkerheit nok til å tora å prøva ut nye undervisningsformer med vekt på innovasjon og nyskaping.

Gjennom studiet får studenten mellom anna:

  • bli kjent med næringslivet si framstilling av framtidas kompetansebehov
  • fordjupa seg 21.st Century Skills & Industri 4.0
  • relatera framtidas kompetansebehov til tverrfaglege tema og djupnelæring
  • auka innsikt i yrkesfaga si utvikling og kompetansebehov
  • eit framtidsretta grunnlag for tilpassa didaktisk arbeid med utgangspunkt i Inquiry-basert pedagogikk
  • anledning til å jobbe med utviklingsprosjekt med mål om kvalitetsutvikling i eigen klasse
  • auka kompetanse for å sikra elevane relevant og framtidsretta opplæring
  • delta i innovativ skuleutvikling og nettverk med kollegaer

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:

Kunnskapar:

Studenten

  •  har kunnskap om 21st Century Skills og Industri 4.0
  •  har oppdatert og forståeleg fagspråk for yrka i eige     utdanningsprogram
  •  har kunnskap om å kunne forklare faga i utdanningsprogrammet sin funksjon og plass i samfunnet i dag
  •  har kunnskap om å kunne skissere korleis yrka i eige   utdanningsprogram kan tenkast å utvikla seg fram mot 2030

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan nytta kunnskap om 21st Century Skills og Industri 4.0 i eiga undervisning
  • kan vurdera kvalitet på eiga undervisning i tilknyting til framtidig kompetansebehov og elevmedverknad
  • kan planleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera undervisning innanfor eige utdanningsprogram med høg grad av elevmedverknad og i tråd med framtidig kompetansebehov

 

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan eksemplifisera framtidas kompetansebehov innanfor eige utdanningsprogram, knytt til elevane sine ulike yrkes-/interesseområde
  • kan forklara behovet for ulike nøkkelkompetansar innan yrka i eige utdanningsprogram
  • kan analysera, grunngje og vurdera didaktiske val i undervisninga knytt til 21st Century Skills og Industri 4.0 i eiga undervisning

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er samlingsbasert, og det er lagt opp til tre fellessamlingar som går over to dagar. Emnet vert knytt til HVL sine yrkesfagmiljø på tvers av campusar. For å koma tett på det framtidsretta næringslivet, vert samlingane lagt til ulike næringsklynger i områda Sunnhordland, Sogn og Fjordane og Bergensområdet.   

Mellom samlingane deltek studentane i ei digital nettverksgruppe med kollegaer frå eigen/andre skular, der ein jobbar med å utforska og prøva ut nye idèar i undervisninga knytt til hovudtema for studiet. Framtidas skule er tufta på viktige element i fagfornyinga. Studiet vektlegg studentaktive arbeids- læringsformer på alle samlingar. Studentane skal ta ei aktiv rolle i læringsprosessar i studiefellesskapet. Dette er ein føresetnad for gjennomføring av arbeidskrava i studiet.

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling ein og to.
  2. Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling to og tre.
  3. Presentasjon av erfaringar frå arbeidskrava i studiet for kollegaer på eigen skule
  4. Aktiv deltaking på samlingar gjennom erfaringsdeling og drøftingar med medstudentar.   

Alle obligatorisk læringsaktiviteter er relatert til føremål og læringsutbytte i emnet der felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga. Alle obligatoriske læringsaktiviteter må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg vurdering.

Karakter: Greidd / Ikkje greidd.

Eksamen vert organisert som ein open eksamenskonferanse på campus, med kommisjon. Innhald i eksamenspresentasjonen er relatert til læringsutbyteformuleringar i studiet.

Hjelpemiddel ved eksamen

Pensumlitteratur, eigenvald litteratur og eigen dokumentasjon frå studiet. 

Meir om hjelpemiddel