DAT265 Utvalde emne i programvareutvikling
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet tar for seg aktuelle tema innan programvareutvikling eller nært nærskylde tema.
Pensum skal vere på same nivå som for vidarekomne emne. Det skal ikkje fokusera spesifikt og berre på masteroppgåva eller være direkte teknisk støtte eller nødvendig litteratur for oppgåva.
Pensum må godkjennast av programstyret for fellesgraden i programvareutvikling før emnet er tilbydd.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal kandidaten...
Kunnskap
- har kunnskap om konsepta, metodar og teknologiplattformer i temaa som dekkes av spesialpensumet.
- kan forklare utviklinga i det vitskapelege området og i ingeniørmetodar i temaa som dekkes spesialpensumet.
Ferdigheiter
- kan planlegge og sjølvstendig gjennomføre anvendt forskingsarbeid eller praktiske prosjekter innan temaa som dekkes av spesialpensumet
- kan gjennomføre forskingsarbeid og relatere det til etablert kunnskap i temaa som dekkes av spesialpensumet
- kan bruke vitskaplege metodar for å vurdere, evaluere og samanlikne programvareverktøy og -rammeverk som er aktuelle innan temaa som dekkes av spesialpensumet
Generell kompetanse
- kan delta i diskusjonar, praktiske prosjekter og forskingssamarbeid innan temaa som dekkes av spesialpensumet
Krav til forkunnskapar
Generelle opptakskrav for fellesgraden i programvareutvikling.
Undervisnings- og læringsformer
Sjølvstudium under rettleiing, beståande av litteraturstudiar og eventuelt også prosjektarbeid. Litteraturen veljast av rettleiar. Emnet har en forventa arbeidsmengde på rundt 135 timar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatoriske oppgåver som skal leverast på gitte fristar. Prosjektarbeid kan inngå i sluttevalueringa.
Vurderingsform
Munnleg eksamen med karakterskala A-F, der F er ikkje bestått
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle trykte og skrivne hjelpemidler.
Meir om hjelpemiddel