Hopp til innhald

HMA805 Gruppeleiing i rehabilitering

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Formålet med dette emnet er at du kan bygge din kompetanse på leiing av grupper i ulike kontekstar. Vi skal sjå på kva roller og oppgåver ein leiar har i denne typen leiarskap og bygge erfaring i endrings- og utviklingsarbeid.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

  • har avansert kunnskap om gruppeleiing og kunne anvende denne i ulike rehabiliteringskontekstar

Ferdigheiter:

Studenten…

  • kan jobbe i gruppe, identifisere problem og konflikter, ta beslutningar, planlegge og forhandle strategiske løysingar
  • kan motivere og engasjere brukarar og fagfolk til å delta i endrings- og utviklingsprosessar

Generell kompetanse:

Studenten…

  • kan kommunisere sjølvstende og samarbeid knytt til leiing av gruppe innanfor ulike rehabiliteringskontekstar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet består av ei felles samling utanfor HVL sin campus, digitalt kursmateriale og gruppearbeid. I samlinga vil det vere fokus på diskusjon, erfaringsutveksling og kollega-tilbakemelding. Det digitale kursmaterialet består av korte forelesingar, oppgåver du kan bruke til sjølvstudium og tekstar. I gruppearbeidet skal studentane jobbe saman i eit innovasjons-eller endringsprosjekt i kommunen eller på arbeidsplassen. Studentane får rettleiing og tilbakemelding på oppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Deltaking på felles samling (halv dag)

Vurderingsform

Mappevurdering i gruppe

Mappe beståande av to arbeid som vert vurdert samla. Det blir gitt rettleiing til arbeidet.

  1. Refleksjonsnotat (400 ord +/- 10%)
  1. Video eller lydfil (maks 7 minutt) frå gruppearbeidet.

Vurderingsuttrykk

Bestått / ikkje bestått

Ny eksamen

Ved ikkje bestått eksamen kan gruppa levere ei bearbeida mappe.

Alle deltakarane i gruppa bidrar til eit felles produkt. Oppstår det tvil om ein student bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at studenten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel