Hopp til innhald

NAS801 Naturfagsamtalen 1: Dialogisk naturfag i barnehage og småskule

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Studiet er avlyst hausten 2023.

Naturfagsamtalen består av to emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Dialogisk naturfag i barnehage og småskule
  • Utforskande naturfagsamtale i barnehage og småskule

Emne 1 kan takast frittståande, emne 2 byggjer på emne 1. Gjennom emna blir studenten kjent med didaktiske tilnærmingar som er systematisk støttande for små barns læring om natur. Emna har som mål å leggja eit teoretisk og praktisk grunnlag for at studentane gjennom kunnskap om naturfag og om dialog som arbeidsmåte skal leggja til rette for aktivitetar og arbeidsmåtar som er drivne av kunnskap, undring, nysgjerrigheit og fellesskap. Slike aktivitetar legg eit grunnlag for seinare læring i naturfag og språk og set barna i stand til å bidra til utvikling av samfunnet i berekraftig retning.

I Naturfagsamtalen 1 møter studentane naturfaglege og naturfagdidaktiske tema kopla til samtaledidaktikk og kunnskap om kva som kjenneteiknar dialogisk undervisning. Emnet har hovudfokus på korleis ein kan bruka naturen i barnehagens eller skulens nærmiljø i utforskande samtalar med barn, og kva som kjenneteiknar det dialogiske språket og dialogisk undervisning. Gjennom praktiske øvingar, utprøvingar og refleksjon skal studenten bli kjent med korleis ein byggjer på barns nysgjerrigheit og undring, og gjennomfører utforskande samtalar med barn. Målet med emnet er å få kunnskapar og ferdigheiter i korleis ein støttar, utviklar og opprettheld barns glede over naturen og naturfenomen, korleis små barn får kunnskapar om naturen og korleis ein kan bidra til at dei viser respekt for naturen.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • skal kjenna til naturtypar som finst i barnehagen eller skulen sitt nærmiljø og ha ei grunnleggjande forståing av korleis desse naturtypane kan vera ressursar i barns utforskande samtalar om natur
  • skal ha kunnskap om ulike artar innan desse naturtypane og tilpassing til norsk natur
  • skal ha kjennskap til prinsippa i begynnande naturvitskap (emergent science) og i utforskande arbeidsmåte (inquiry based teaching)
  • skal kunna bruka grunnleggande omgrep innan teori om dialogen og om ulike typar samtale
  • skal ha innsikt i og forståing av kva som kjenneteiknar dialogisk undervisning

Ferdigheiter

Studenten

  • skal kunna gjenkjenna naturtypen barnet og den vaksne er i, kunna gjera informerte val i samtalen med utgangspunkt i kva artar som blir utforska
  • skal kunna bruka relevant utstyr for å stimulera barns utforsking
  • skal kunna reflektera over eigne kunnskapar og barnets kunnskapar undervegs i samtalen, og leia samtalen eller gi respons i tråd med desse refleksjonane
  • skal kunna gjennomføra samtalar bygd på prinsippa i utforskande arbeidsmåte
  • skal kunna initiera planlagde og spontane samtalar, nytta ulike samtaletrekk (til dømes produktive spørsmål, utforskande respons, sanseleg utforsking og høveleg ventetid i samtalar med barn)

Generell kompetanse

Studenten

  • skal kunna planleggja aktivitetar i barnehagen eller skulen sitt nærmiljø for ei barnegruppe med tanke på å leggja til rette for utforskande samtalar med barn
  • skal kunna informera og demonstrera for kollegaer korleis ein gjennomfører utforskande samtalar om natur med barn

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er hovudsakleg nettbasert, men har ei obligatorisk oppstartssamling. På samlinga blir grunnlaget for resten av emnet lagt gjennom praktiske læringsaktivitetar og samtalar som ikkje kan gjennomførast individuelt. Dei nettbaserte arbeidsformene vil vera varierte og inkludera førelesingar synkront og asynkront, gruppearbeid, quiz, utprøvingar på eigen arbeidsstad/praksisplass, logg- og diskusjonsinnlegg med meir. Minst to års erfaring frå arbeid i barnehage/småskule er anbefalt.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane har tre obligatoriske læringsaktivitetar i emnet:

  • Med utgangspunkt i eit bilete frå nærmiljøet til barnehagen eller skulen skal studenten peika ut relevante område for naturfagleg utforsking der informasjon om artar, funfacts, framlegg til samtaletema og estetiske innslag er representerte. Arbeidet skal presenterast skriftleg og munnleg.
  • Gjennomføra ein kvardagssamtale ute: planleggja, øva på, videofilma og reflektera over samtalen.
  • Presentera erfaringane frå samtalen for medstudentar i grupper.

Semesterplanen vil gi nærare retningsliner for dei obligatoriske læringsaktivitetane. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vera gjennomførte til fastsette fristar og vera godkjente for å få gå opp til eksamen.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane blir vurderte som godkjent/ikkje godkjent.

Godkjende læringsaktivitetar er gyldige i inneverande og påfølgjande semester.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 5 dagar: Transkripsjon og analyse av innsamla kvardagssamtale ut frå gitt problemstilling

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel