Hopp til innhald

NVB012 Digital kommunikasjon og marknadsføring

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

  • Vil du bli meir profesjonell innan kommunikasjon og marknadsføring?
  • Ønskjer du fagleg tyngd innanfor marknadsføring- og kommunikasjonsfaget?

Emnet skal gi studentane brei kunnskap om teoriane, informasjonen og vurderingane som ligg til grunn når organisasjonar utformar sine kommunikasjonsstrategiar og har særskilt fokus på dei digitale kommunikasjonsstrategiane. Studentane skal lære å analysere kommunikasjonskanalar og bruke modellar og verktøy for å planlegge og gjennomføre kommunikasjonsaktivitetar. Emnet har som mål å gjere studentane i stand til å beherske faglege verktøy i ein moderne og digital verden og reflektere kritisk rundt dagens og framtidige utfordringar for kommunikasjons frå verksemder som konkurrerer regionalt, nasjonalt og globalt.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har:

  • kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar knytt til korleis organisasjonar;

    • planlegg, organiserer og kontrollerer sin marknadsføring og kommunikasjon
    • analyserer marknaden og kommunikasjonskanalar
    • finn målgrupper og posisjonera seg
    • kan tilpasse og nytte ulike konkurranseverkemiddel
  • kunnskap om dagsaktuelle og gryande forsking og problemstillingar som er relevante for fagområdet

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • analysere og drøfte praktiske problemstillingar i lys av teoriar og modellar i litteraturen og grunngje sine val
  • kunne finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette i lys av ei problemstilling innan digital kommunikasjon og marknadsføring

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan formidle og drøfte teori, -modellar og -analysar både skriftleg og munnleg
  • kan gjere sjølvstendige refleksjonar kring etiske, miljømessige og juridiske utfordringar knytt til sentrale problemstillingar innanfor kommunikasjon og marknadsføring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Marknadsføring

Undervisnings- og læringsformer

Tre helgesamlingar med forelesingar og arbeid med øvingsoppgåver. Nettbaserte møte mellom dei fysiske samlingane.

Obligatorisk læringsaktivitet

To arbeidskrav: Ein fleirvaltest og ei skriftleg innleveringsoppgåve i gruppe.

Vurderingsform

Heimeeksamen over 10 dager aleine eller i grupper på 2 - 3 studentar - 100 %

Karakterskala A - F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle trykte og skrevne hjelpemidler tillete

Meir om hjelpemiddel