Hopp til innhald

PSBU104 Psykososialt arbeid med barn, ungdom og deira familiar - ulike praksisar, teoriar og etiske dilemma

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet gjev kunnskap om ulike strategiar og tilnærmingsmåtar i det psykososiale og helsefremjande arbeidet med barn og unge. Her blir studentane  utfordra på å finne fram til eigne fagteoretiske perspektiv, metodar og etiske utfordringar, og vil få vidareutvikla teoretisk og praktisk handlingskompetanse

Emnet har også fokus på kunnskap om barn og barndom som sosiale og historiske konstruksjonar med medfølgande foreldreskapskonstruksjonar. Det er avgjerande for å kunne ha eit etisk/kritisk perspektiv på aktuelle strategiar og metodar, og for å kunne bidra til  nytenking og innovasjonsprosessar i tenester til barn og unge.

Innhald/oppbygging:

Tema 1: Ulik forståing av vilkår for barns normale og avvikande utvikling

  • Ulik forståing, vurderingar og handlingsalternativ frå ulike perspektiv
  • Å nytte teoriar og arbeidsformer i eigen profesjon for å fremje barn og ungdom si psykisk helse

 Tema 2: Kartlegging og tiltak

  • Kartlegging av psykososiale risikofaktorar og sosiale beskyttelses-faktorar i lokalsamfunnet
  • Intervensjonar  som forsterkar moglegheiter og evne til medverknad og meistring av eige liv
  • Behovs- og brukarstyrte tiltak som støttar opp under barn, ungdom og pårørande sin kompetanse og ressursar

Tema 3: Kommunikasjon og aktivitet i arbeidet med utsette barn.

  • Krise, mekling og konflikthandtering
    • Om å styrke og myndiggjere private nettverk, oppvekstmiljø og lokalsamfunn
  • Fange opp, samtale og arbeide med risikoutsette barn og ungdommar
  • Bruk av aktivitet, bevegelse, leik, kunst og kreativitet i psykososialt arbeid med barn og unge
  • Psykisk helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeid med barn og ungdom

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:
Studenten...

  • har avansert kunnskap om ulike måtar å kommunisere på, og om betyding av kontekst og relasjon for konstruktiv samhandling med barn, ungdom, unge vaksne og deira familiar.
  • har kunnskap om anvendelige metodar for å identifisere barn og ungdom i risikosonen, og kjenner til ulike strategiar og arbeidsmåtar som minskar psykososiale belastningar.
  • har avansert kunnskap til å identifisere og kartlegge ressursar i heim, barnehage, skule og nærmiljø som bidreg til styrke og barn og unge sine ibuande evner til å meistre belastande psykososiale levekår.
  • har avansert kunnskap om betydinga av makt, avmakt og krenking i møte med barn, ungdom og unge vaksne.
  • har avansert kunnskap om barn og barndom som sosiale og historiske konstruksjonar med med-følgande foreldreskapskonstruksjonar
  • har avansert kunnskap om betydinga av tverrfagleg psykososialt arbeid blant barn og unge, sett frå perspektivet individ og samfunn i lokal, nasjonal og internasjonal kontekst
  • har inngåande kunnskap om fleirkulturell forståing, og korleis krig og flukt kan påverke den psykiske tilstanden til asyl- og flyktningbarn i det nye landet
  • har avansert kunnskap om betydinga av marginalisering for barn og unge sin psykiske og fysiske helse

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan anvende faglege og  kreative metodar i arbeid med barn, unge og unge vaksne i risiko, for å fremje meistring og myndiggjering
  • kan praktisere reell brukarmedverknad  i arbeid med barn, unge og deira familiar
  • kan praktisere kunnskapsbasert samhandling. Samhandlingspraksisen må og vere basert på brukarkunnskap
  • kan analysere problemstillingar om hjelpeapparatet si rolle i samhandling med barn og unge med samansette- og sektorovergripande tenestebehov
  • kan identifisere eigne fagteoretiske perspektiv, metodar og etiske utfordringar i arbeid med barn, unge og familiar i krise
  • kan møte barn og unge i ulike kontekstar som familie, barnehage, skule, nærmiljø og samfunnet elles, og identifisere og analysere forhold som verkar inn på utviklinga av helsefremmande prosessar hos barn og unge
  • kan analysere situasjonar og identifisere, prioritere og styrke relevante intervensjonar/tiltak /ressursar i heim, barnehage, skule og nærmiljø
  • kan etablere og inngå i gode vekstfremjande relasjonar, som fører til meistring og oppleving av god psykisk helse. Dette med utgangspunkt i barn, unge og familien sitt behov  i lys av kunnskapsbasert praksis og reell brukarmedverknad.
  • kan kommunisere med barn, unge og deira familie på ein måte som støttar dei i deira navigering mot ein psykososial tilstand som både dei og samfunnet opplever som god

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan skape og leie fleirfagleg og tverretatleg samhandling med mål om å utforme brukarsentrerte og heilskaplege tenestetilbod til barn og unge
  • kan identifisere og analysere faglege problemstillingar og  utvikle og leie arbeid  innanfor fagfeltet  psykososialt arbeid med barn og unge
  • kan arbeide analytisk og bidra til nytenking og innovasjonsprosessar i tenester til barn og unge
  • har inngåande forståing for betydinga av personleg kompetanse som eigne haldningar, mot, tålmod og evne til kreativ tenking for å fremje psykisk helse blant barn og unge

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PSBU101, PSBU102 og PSBU103

Undervisnings- og læringsformer

Det vert lagt vekt på å bruke varierte arbeidsformer som førelesning, digital undervisning, hospitering, sjølvstudium og oppgåveskriving.

Rettleiing i tverrfaglege grupper

Studenten hospiterer to studiedagar ved andre arbeidsstadar, og / eller ved institusjonar som arbeider med eller forskar innanfor feltet barn og unge. 

HVL nyttar Canvas som læringsplattform

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering:

1. 75% obligatorisk frammøte til undervisning og 100% frammøte til rettleiingsgrupper

2. Ei individuell skriftleg refleksjonsoppgåve knytt til utvikling av eigen yrkeskompetanse gjennom hospitering hjå andre tenester for barn og unge (Omfang; 1000 ord (+/-10%).

Vurderingsform

Oppgåve

Omfang:

6.000 (+/- 10%)

Gjennomføring av eit fagutviklingsprosjekt i tverrfaglege grupper på 3 - 4 studentar, som skal munne ut i ei prosjektoppgåve som skal leverast til vurdering til eksamen.

Rettleiing
Kvar gruppe har tilbod om tre rettleiingar på sitt prosjekt.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der karakteren F er ikkje bestått

Ny vurdering:

Ved vurderinga Ikkje bestått (F) leverer gruppa bearbeidd prosjektoppgåve til ny vurdering.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler tilletne.

Meir om hjelpemiddel