Hopp til innhald

FRIB104 Friluftsliv og aktivitetslære

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhold og oppbygning

Gjennom praktiske friluftslivsaktivitetar og tilhøyrande teori skal studentane tileigne seg grunnleggande kunnskap og ferdigheiter i basisfriluftsliv, klatring, kano, havkajakk, orientering, førstehjelp og livredning ute, skiteknikk, nordisk vinterferd og topptur. I emnet er det integrert tre sertifiseringar knytt til friluftslivsaktivitetar: Brattkort klatring (Norges Klatreforbund), grunnkurs havkajakk (Norges Padleforbund), grunnkurs skred (Norsk Fjellsportforum). Emnet er bredt og skal gi ein introduksjon til, og ein grunnleggande erfaring i, dei aktivitetane, den kunnskapen og dei ferdigheitene som er sentrale i undervisninga på andre- og tredjeåret i bachelor friluftsliv. 

Emnet omfattar også Norges idrettsforbund (NIF) sitt barneidrettstrenarkurs og paraidrettskurs som gjer studentane kvalifisert til å gjennomføra ulike aktivitetar for born under 12 år og for personar med funksjonsnedsetjing.

Ekskursjonar:

  • Friluftsliv haust: Kano, orientering, førstehjelp, livredning i vann. Tre dagar
  • Orientering: Dagsekskursjon
  • Basisfriluftsliv haust: Turplanlegging, orientering, leirliv og trivsel på tur. Tre dagar
  • Friluftsliv vinter: Nordisk vinterferd med fokus på fjellski, telt og nødbivuakk. Tre dagar
  • Skiundervisning: Toppturski og fjellski  i skianlegg. To dagar
  • Kameratredning snøskred: Grunnkurs skred, Dagsekskursjon
  • Topptur: Grunnkurs skred, ein til to dagsekskursjonar
  • Friluftsliv vår: Grunnkurs havkajakk, to dagsekskursjonar
  • Eigenferd vår: Basisfriluftsliv, to dagar

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggande kunnskap om normer, regler og lover knytt til utøving av friluftsliv
  • har generell kunnskap om friluftslivets betyding i samfunnet i dag
  • har brei kunnskap om sentrale ferdigheiter for utøving av eit trygt friluftsliv ved alle årstider
  • har grunnleggande kunnskap om snøskred og bruk av skredvarsel (varsom.no)
  • har grunnleggande kunnskap om kart og kompass

Ferdigheiter

Studenten

  • kan ferdas trygt på flatt vatn i havkajakk og i kano
  • kan gjennomføre kameratredning i kajakk og kano og egenredning i kajakk på flatt vatn
  • kan utøve god og trygg sikringsteknikk ved inneklatring
  • har grunnleggande eigenferdigheit innan skileik, skiteknikk og vinterferdsel på fjellski og på alpin-/telemarkski
  • kan utføra kameratredning i snøskred
  • kan beherske grunnleggande orientering ved hjelp av kart og kompass og funksjoner i kartapplikasjonar på mobiltelefon

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjere greie for friluftsliv som fenomen og friluftslivet sin posisjon i samfunnet
  • kan gjennomføre livredning i, ved og på vann ute i naturen og gje livreddende førstehjelp, inkludert hjarte- og lungeredning (HLR) 
  • kan drive variert aktivitet for born under 12 år og for personar med funksjonsnedsetjing

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar på barmark og på snø.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet nyttar i stor grad praktisk undervisning ute og ekskursjonar der teori blir integrert gjennom tileigning av praktisk erfaring. Turplanlegging og noko teori vil og formidlast gjennom førelesingar på campus. Gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer inngår og som ein viktig del av emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering). Alle ekskursjonane inneheld tema med læringsmål knytt til eit eller fleire læringsutbyttebeskrivelsane.
  • Ein skriftleg innlevering (haust) for å vise teoretisk kunnskap om normer, reglar og lover ved utøving av friluftsliv, samt friluftslivets betyding i samfunnet.
  • Ein digital innlevering med bruk av video knytt til ferdigheiter i ein friluftslivsaktivitet (til dømes kano, kajakk, ski, klatring).
  • Eit skriftleg refleksjonsnotat omkring eigen læringsprosess knytt til eigenferd (sentrale ferdigheiter som orientering og utøving av basisfriluftsliv).
  • Kursa Barneidrettstreneren og Tilrettelgging paraidrett frå NIF
  • Praktisk prøve i livberging i vatn i kombinasjon med HLR

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigendel. Det vert lagt til rette for kompensatoriske arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen med påfølgande munnleg eksaminasjon (totalt 40 minutt).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemidler ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Mer om hjelpemidler