ØKB2124 Samfunnsvitskapleg metode
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Studentane skal få ei grunnleggjande innføring i samfunnsvitskapleg forskingsmetode. Faget gir ein introduksjon til metodelære der blant anna ulike trinn i forskingsprosessen blir gjennomgått. Både kvantitative og kvantitative forskingstilnærmingar og metodar blir studert. Innan kvantitativ dataanalyse omhandlast både deskriptiv statistikk og slutningsstatistikk. Faget inneheld øvingar der dataverktøy blir brukt for å analysere data innan det økonomiske administrative fagområdet.Blant dei kvalitative datainnsamlingsmetodane gjennomgår ein blant anna intervju og fokusgrupper.
Læringsutbytte
Kunnskaper
Studenten:
- Har oversikt over dei ulike trinna i ein forskingsprosess.
- Har kunnskap om ulike typar forskingsdesign og kombinasjonar av forskingsopplegg, både kvantitative og kvalitative.
- Har kunnskap om grunnleggjande datainnsamlings- og analysemetodar, både kvalitative og kvantitative.
Ferdigheiter
Studenten:
- Kan definere ei problemstilling og vite korleis ein kan gjera avgrensingar samt definere relevante omgrep og problem.
- Kan reflektere over muligheitane for generalisering, samt diskutere problemstillingar omkring validitet og reliabilitet, feilkjelder og feiltolkingar i empirisk baserte studiar.
- Kan vurdere alternative metodisk tilnærming for empirisk analyse av problemstillingar som dukkar opp i det økonomisk administrative fagområdet.
- Kan bruke og trekkje slutningar frå grunnleggjande statistiske metodar.
- Kan bruke og vere fortruleg med relevant dataverktøy for i praksis å kunne utføre grunnleggjande analyse basert på empiriske data.
Generell kompetanse
Med utgangspunkt i dei andre metodefaga (matematikk og statistikk) har studenten fått ei innføring i Samfunnsvitenskapleg metode, inkludert anvend statistikk. Studenten kan reflektere omkring forskingsetikk samt vurdere alternative kvalitative og kvantitative forskingsdesign og metodar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØA115 Statistikk for økonomer (eller tilsvarande)
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar og PC-øvingar
Obligatorisk læringsaktivitet
Nei
Vurderingsform
Prosjektoppgåve i grupper - 50%
3 timars individuell skriftlig skoleeksamen - 50%
Eksamen kan bli held på digitalt eksamenssystem.
Karakterskala A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Prosjektoppgåve - Alle skriftlege og trykte hjelpemiddel er tillatt
Skriftleg skoleeksamen - kalkulator.
Alle kalkulatormodellar er tillatt, med følgjende unntak
- kalkulatoren skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending
- kalkulatoren skal ikkje kunne behandle symbolske matematiske uttrykk
- kalkulatoren kan ikkje koplast til strømnettet
- kalkulatoren må ikkje lage støy
Meir om hjelpemiddel