ØKB3113 Bacheloroppgåve
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Bacheloroppgaven er eit fagleg fordjupande arbeid om eit tema innan det økonomisk-administrative fagområdet. Her skal studentane bruke kunnskap frå tidlegare kursog tileigne seg ny kunnskap for å finna svar på ei fagleg problemstilling med relevans for privat, ideell eller offentleg verksemd. Bacheloroppgåva omfatter vanlegvis ei empirisk undersøking, men kan òg vera ein litteraturstudie.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har inngåande kunnskap om eit valt tema innan det økonomisk-administrative fagområdet
- har kunnskap om forskingsprosessen og metodiske tilnærmingar knytt til eiget bachelorprosjekt.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan planlegge, gjennomføre og dokumentere eit fagleg utgreiingsarbeid under rettleiing
- kan formulere ei relevant problemstilling innanfor eit valt tema og drøfta denne i lys av empiri og/eller teori
- kan finne, velje ut og bruka relevant teori, forskingsarbeid og faglitteratur og formålstenlege metodar for å svara på ei problemstilling
- kan vareta relevante forskningsetiske omsyn
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan bruke sin kunnskap og tileigne seg ny kunnskap i løysinga av ei fagleg problemstilling.
- Kan reflektere over eiga fagleg utøving, samarbeida med andre i eit prosjekt og nyttiggjere seg av rettleiing.
- Kan formidle kunnskap både skriftleg og munnleg på ein fagleg, akademisk og etisk forsvarleg måte.
Krav til forkunnskapar
Studentane må ha minst 100 studiepoeng innan det økonomisk-administrativt fagområdet før oppstart av femte semester for å få skrive bacheloroppgåve. I tillegg må minst ein av dei to eksamensdelane i ØKB2124 Samfunnsvitenskapelige metode (eller tilsvarande) vera bestått.
Tilrådde forkunnskapar
Fullført alle obligatoriske 1. og 2. års emne
Undervisnings- og læringsformer
Studentene starter arbeidet med bacheloroppgaven hausten før innlevering av bacheloroppgaven den føljande våren. Det vert arrangert seminar og felles arbeidsøkter.
Bacheloroppgåva blir skrive i grupper på 3-4 studentar. Alle gruppene får en rettleier. Studentane og rettleier skal inngå avtale om rettleiingen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Innlevering av prosjektskisse innan 31.oktober
Innlevering av prosjektplan innan 31.januar
Innlevering av poster innan 1. juni
Vurderingsform
Bacheloroppgåve
Justerande munnleg eksamen
Karakterskala A - F
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel