Hopp til innhald

BSSN801 Barns språkutvikling og språkæring, nettbasert

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Formålet med vidareutdanninga Barns språkutvikling og språklæring på nett er å styrke kompetansen til barnehagelæraren generelt, og auke kompetansen i arbeidet med barn med språklege utfordringar.Studiet er på masternivå. Rammeplanens føringar om mangfald, likeverd, likestilling, inkludering, tidleg innsats og livsmeistring vil liggje som grunn for studiet. Betydninga av tidleg innsats i barnehagen for å styrke alle barns språkutvikling innanfor deira utviklingstempo og dei to store samfunnsendringane digitalisering og økt mobilitet, vil prege vidareutdanninga.

Tema/innhald:

  • barns språklege utvikling
  • fleirspråkleg utvikling
  • barn med språk- og kommunikasjonsforstyrringar i barnehagen
  • kartlegging og observasjon av språkutvikling og barnehagens språkmiljø
  • språkstimulering i barnehagen gjennom leik, høgtlesing og samtale i formelle og uformelle læringssituasjonar

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har grundig innsikt i barns språkutvikling, inkludert fleirspråkleg utvikling
  • har grundig kunnskap om kva som er eit godt språkmiljø i barnehagen
  • har god kunnskap om korleis barn inngår i språklege samspel i barnehagen
  • har inngåande forståing om leiken sin verdi for barns språkutvikling, for meistring og inkludering
  • har god kunnskap om språkforstyrringar hos barn

Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne kartlegge og observere barns språkutvikling og anvende kartlegging som grunnlag for systematisk arbeid og kritisk refleksjon rundt arbeid med barns språkutvikling
  • kunne bruke samtale, barnelitteratur, musikk, rim, regler og andre kulturuttrykk for å stimulere til barns språkutvikling, og vise progresjon i språkstimulerande aktivitetar
  • kunne setje inn tiltak slik som teikn-til-tale for barn som treng ekstra støtte i si språkutvikling
  • kunne nytte digitale verktøy som språkstimulering

Generell kompetanse

Studenten

  • har grundig innsikt i verdien av språkstimulering i barnehagen og betydninga av tidleg innsats
  • har innsikt i tilhøve som legg rammer for leiing av endrings- og utviklingsprosessar og kunne reflektere kritisk rundt dei
  • kan kritisk vurdere barnehagelærarens rolle som språkmodell og fagleg didaktisk arbeid knytt til fagområdet Kommunikasjon, språk og tekst

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for framtidas barnehage. Studiet er på masternivå. Studiet går over to semester og er eit reint nettbasert studium med 10 nettsamlingar à to timar per semester. Studiet kombinerer førelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjon og basisgruppearbeid. Mellom samlingane skal studentane arbeide i nettbaserte studiegrupper, i tillegg til sjølvstudium. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, samt at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeid med andre studentar.

Me brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøy. Du vil få ei innføring i bruken av nettkonferanseverktøy.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er totalt fire obligatoriske læringsaktivitetar gjennom studieåret, både individuelle og gruppearbeid. To av desse skal ta utgangspunkt i utvikling av eigen praksis.. Frammøte til eller innlevering av desse læringsaktivitetane blir vurdert som godkjent eller ikkje godkjent, og alle fire må vere godkjende for å gå opp til eksamen.

  • Ei prosjektskisse til utprøving av ny fagleg kunnskap. Dette er utgangspunktet for eit lite FoU-prosjekt på eigen arbeidsplass som seinare blir levert som eksamen. Prosjektskissa krev kartlegging og observasjon av barnegruppa for systematisk arbeid og kritisk refleksjon rundt arbeid med barns språkutvikling. Studenten førebur her leiing av endrings- og utviklingsprosessar.
  • Eit refleksjonsnotat knytt til kunnskapsdeling i eige kollegium i barnehagen etter utprøving av didaktisk arbeid knytt til Rammeplanens fagområde Kommunikasjon, språk og tekst. Her skal studenten kunne bruke digitale verktøy som pedagogisk reiskap under høgtlesing, og barneboka blir slik utgangspunkt for samtale og utforsking for å stimulere barns språkutvikling.
  • Ein fagtekst med utgangspunkt i analyse av ein forskingsartikkel med tema språkforstyrring eller kommunikasjonsvanskar i barnehagen. Her skal studenten presentere hovudmomenta frå artikkelen og knyte det til pensum og eigne erfaringar frå barnehagen. Eit av føremåla er at studenten får grundig innsikt i verdien av språkstimulering i barnehagen og betydninga av tidleg innsats.
  • Eit digitalt arbeid i gruppe om fleirspråkleg utvikling og korleis ein kan støtte barn si språkutvikling. Studentane skal ha ei fagleg samtale der målgruppa/mottakaren er andre barnehagelærarar. Her får studentane utveksle erfaringar frå ulike barnehagar og sett dette i samanheng med faglitteratur.

Desse obligatoiske læringsaktivitetane må vere gjennomførte til fastsette fristar. Ved ikkje godkjent på ein av læringsaktivitetane, kan den aktuelle læringsaktiviteten takast på nytt neste gong emnet blir gjennomført.

Vurderingsform

  • Del 1: Oppgåve i form av ein skriftleg rapport frå FoU-arbeid gjennomført på eigen arbeidsplass (tel 60 % av endeleg karakter).
  • Del 2: Individuell munnleg eksamen (tel 40 % av endeleg karakter).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Skriftleg rapport: Alle hjelpemiddel er tillate.
  • Munnleg eksamen: Alle hjelpemiddel er tillate i førebuingstida. Ingen hjelpemiddel under eksamen.

Meir om hjelpemiddel