Hopp til innhald

MGBPRS102 Lærarrolla i praksis 1. år, 25 dagar

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Hovudfokus i første studieår er lærarrolla. Studentane skal begynne å utvikle eigen læraridentitet, relasjonskompetanse og leiing av undervisning. Dei skal også arbeide med tilrettelegging for læring i fag for trinn 1-7. Studentane skal saman med praksisgruppa, praksislærar og faglærar frå HVL, planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning.

Fagovergripande tema frå progresjonstrappa skal brukast som utgangspunkt for samtalar og rettleiing i praksis. I første studieår er det estetiske læreprosessar, profesjonsetikk, medborgarskap og overgang frå barnehage til grunnskule. I tillegg er begynnaropplæring, tilpassa opplæring, vurdering og grunnleggande ferdigheiter tema alle studieår.

Lærarutdannarane (praksislærarane på skulane og faglærarane på HVL) og studentane har eit felles ansvar for å knytte praksisopplæring og fag saman. Praksis skal være rettleia, vurdert og variert. Rettleiing og vurdering av studentar er eit felles ansvar mellom lærarutdannarane.

Studenten får tilhøyrsle til ei praksisgruppe saman med eventuelle medstudentar, og er under rettleiing av lærarutdannarane. Studentane er vanlegvis på same praksisgruppe og praksisskule begge semestera.

Praksisemnet består av totalt 25 dagar, 5 dagar i haustsemesteret og 20 dagar i vårsemesteret. I tillegg skal studentane delta på praksisførebuing før praksis båe i haustsemesteret og vårsemesteret.

Studentane skal gjere seg kjend med retningslinjene for praksisstudiet (nettsida for praksis) i grunnskulelærarutdanninga.

Læringsutbytte

Ved fullført praksisemne skal studentane ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studentane

  • har kunnskap om læraren sine oppgåver i klasserommet og andre læringsarenaer
  • har noko kunnskap om klasseleiing, kommunikasjon og relasjonsarbeid
  • har noko kunnskap om læreprosessar, tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurderingsformer som fremmer gode og inkluderande klasse- og læringsmiljø
  • har noko kunnskap om elevane si utvikling og føresetnader for læring

Ferdigheiter

Studentane

  • kan i samarbeid med andre planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med utgangspunkt i nasjonale og lokale planar
  • kan saman med andre planlegge, gjennomføre og analysere data frå systematisk observasjon
  • kan saman med andre leie god undervisning med utgangspunkt i læreplanmål, mål for undervisninga og pedagogisk og didaktisk kunnskap
  • kan samhandle med elevar, lærarkollegaer og medstudentar

Generell kompetanse

Studentane

  • kan delta i drøfting og refleksjon over eigen læraridentitet og utvikling av lærarprofesjonalitet
  • har innsikt i betydinga av kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • har innsikt i elevane si læring av grunnleggande ferdigheiter og kompetansar
  • kan bruke faglege omgrep og grunngje sine didaktiske val på grunnlag av teori om læring og undervisning
  • kan opptre profesjonelt i møte med elevar og rette seg etter gjeldande normer, reglar og lover i arbeidslivet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal utarbeide eit refleksjonsnotat med eigne læringsmål før praksisperioden basert på læringsutbytteformuleringane i emneplanen. Notatet skal innehalde refleksjon over læringsmåla og forventningar til eigen læring, til medstudentar, praksislærar og praksisskule.

Når studentane har ansvaret for ei undervisningsøkt, skal dei lage eit planleggingsdokument som dei leverer til praksislærar. Praksislærar skal få dokumentet i god tid før undervisninga slik at studentane kan få rettleiing før undervisningsøkta. Rettleiing etter gjennomført undervisning skal innehalde refleksjon og evaluering av undervisningsøkta.

Studentane skal følge arbeidsdagen og arbeidsoppgåver til praksislærar eller andre tilsette på praksisskulen så langt det er mogeleg, inkludert teamarbeid, inspeksjon i friminutt, møte og skule-heim-samarbeid, og skal observere når praksislærar og medstudentar underviser. I tillegg skal studentane bidra som medlærar når andre har undervisningsansvaret, til dømes ved gruppedeling eller i elevrettleiing. Det vert forventa at studentane skriv dagleg logg over observasjonar og refleksjonar, som kan danne grunnlag for rettleiing i eller i etterkant av praksis.

Studentane skal utarbeide ei sjølvevaluering som skal leverast til praksislærar til sluttsamtalen i vårsemesteret.

Studentane skal evaluere praksisperioden etter avslutta praksis i vårsemesteret.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

25 dagar rettleia og vurdert praksis med krav om å vera 100 % til stades.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Etter avslutta praksis får studenten ei individuell skriftleg sluttvurdering.

Studenten kan ikkje klage på vurderingsresultatet i praksis. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre andre forsøk neste gang emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel