VOØ001 Prosjektleiing
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Kurset har som mål å gi kandidatane grundig kjennskap til sentrale kunnskapsområde innan prosjektfaget. Kurset er utforma for å styrke kandidatane sin forståing, kompetanse og ferdigheiter innan utvikling, organisering og leiing av reelle prosjekt.
Kandidatane vil få ei innføring i ulike fasar av prosjekt, styring, organisering og leiing, samt teamarbeid. Det vil være ein balanse mellom teoretisk opplæring og introduksjon til omgrep, metodar og verktøy, i tillegg til praktiske utfordringar som oppmodar til samarbeid, kreativitet og ein løysingsorientert tilnærming.
Gjennom bruk av teori, verktøy og metodar vil kandidatane utvikle ferdigheiter innan prosjektleiing. Det vert lagt vekt på at kandidatane skal vere i stand til å diskutere og reflektere på eit fagleg nivå. I tillegg skal kandidatane kunne utvikle og reflektere over eigne ferdigheiter innan teamarbeid, i tillegg til å øve seg på munnlege presentasjonar.
Læringsutbytte
Kandidaten vil etter å ha gjennomført og bestått kurset inneha:
Kunnskap om:
- Prosjekters betydning, verdiskaping og prosjektsuksess
- Prosjektdefinering, samt val av gjennomføringsstrategi og planlegging
- Prosjektstyring og -organisering
- Leiing i prosjekter, samt team og teamutvikling
- Handtering av usikkerheit, inkludert identifisering, analyse, prioritering og utvikling av tiltak for å handtere usikkerhetsfaktorar
- Interessentar og handtering av interessentar
- Læring og innovasjon i prosjekt, samt berekraft og etikk i prosjektarbeid
- Avslutning av prosjekt
Ferdigheiter:
- Skildre teoriar og modellar for prosjektleiing og anvende desse i praksis
- Bruke Excel eller tilsvarende for å utvikle plan-dokument
- Velje ut og anvende relevante analysar og modellar for eit gitt prosjekt
- Formidle relevant fagleg kunnskap til ulike interessentar, både skriftleg, munnleg og visuelt, inkludert utforming av plan-dokument og rapportar
- Reflektere over eigen fagleg utøving
Generell kompetanse:
- Samarbeide i team for å skape eit felles produkt
- Kritisk refleksjon over eigen fagleg utøving og utvikling
- Utveksle og formidle synspunkt og erfaringar med andre innanfor prosjektarbeid for å bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
Ingen (utenom opptakskrav)
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, gruppearbeid, deltakarpresentasjonar, diskusjonar og praktiske øvingar. Kurset er organisert som helgesamlingar, supplert med teamarbeid, inkludert arbeidsoppgåver mellom samlingane.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er tre obligatoriske arbeidskrav som skal gjerast av team beståande av 4-5 personar i løpet av semesteret.
Arbeidskrava må være gjennomførte innan dei fastsette fristane og vere godkjente før eksamen kan avleggjast. Kandidatar som berre ønskjer eit kursbevis og ikkje vil ta eksamen, må også ha gjennomførte og godkjende arbeidskrav.
Godkjende arbeidskrav er berre gyldige i inneværande semester.
Vurderingsform
Deleksamen med ein prosjektoppgåve og ein heimeeksamen.
Begge deler må være bestått for å få karakter i emnet. Prosjektoppgåva utgjer 60% av endeleg karakter og hjemmeeksamen utgjer 40% av endelig karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.