ABLUPR101 Praksis 1. år ABLU
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Praksis i fyrste studieår på arbeidsplassplassert barnehagelærarutdanning (ABLU) er på 30 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.
Studentane skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.
Hovudfokus er studenten si leiing av seg sjølv og barna.
Læringsutbytte
Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og formelle og uformelle samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar, vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:
- vise evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen
- planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
- ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
- legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
- reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber
Studenten skal ha tilsaman 3 leiardagar (minimum) i praksis fyrste studieår.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
All praksis blir gjennomført i barnehage.
Studenten skal ha praksis på eigen arbeidsplass under føresetnad av at studenten får rettleidd, variert og vurdert praksis.
Obligatorisk læringsaktivitet
-
Vurderingsform
30 dagar rettleidd og vurdert praksis i barnehage med krav om 100% frammøte.
Sluttvurdering: bestått/Ikkje bestått.
Om praksis ikkje blir bestått kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong praksis går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.
Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis, men kan klage på formelle feil.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel