Hopp til innhald

EVN1009 Kommunikasjon og forhandlingsforståing

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Hovudtema for kurset er effektiv kommunikasjon for maritim bransje. Eit nasjonalt og globalt behov for bærekraftige løysingar stiller store krav til endring - både hos myndigheiter, verksemder og einskildpersonar. Erfaring viser at endring vil skape motstand og målet er å setje den einskilde i stand til å skape forståing for bransjen sin bodskap, og legge grunnlag for god dialog og felles oppfatting av viktige emne.

Forhandlingar vert definert som ein kommunikasjonsprosess mellom to eller fleire partar for å påverke eller overtyde. Kunnskap og ferdigheiter innan effektiv kommunikasjon er avgjerande for å lykkast om ein ønskjer å få gjennomslag for synspunkt og meiningar. Emnet har eit særskilt fokus på kva som er effektiv kommunikasjon i møte med motstand og korleis ein gjennom bruk av effektiv kommunikasjon i forhandlingar kan møte og handtere motstand på ein konstruktiv måte.

Tema som vert handsama

  • Grunnleggande om forhandlingar, kommunikasjon som bærebjelke i effektive forhandlingar, fordelingsforhandlingar, integrasjonsforhandlingar, fleirpartsforhandlingar
  • Aktiv lytting og spegling, feilkilder i eigen bodskap, tillit som grunnvilkår for effektiv kommunikasjon
  • Kva kjenneteiknar ein god forhandlar, forhandlingsstil, mål og forventingar, makta i objektive kriterium
  • Reframing - ein nøkkel til suksess, interesser og interesseanalyse, makt og maktbasert kommunikasjon
  • Forhandlingsprosessen, førebuing og gjennomføring av forhandlingar, evaluering av forhandlingar, effektiv argumentasjon, innrømmingar, planlegging av forhandlingar
  • Destruktiv forhandlingsåtferd, handtering av emosjonar i forhandlingar

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten får kunnskap om grunnvilkåra for effektiv kommunikasjon og vil ha kunnskap om korleis språk, språkmodellar, lytte- og spørjeteknikkar bidrar til ein klår og tydeleg kommunikasjon. Vidare om korleis styring og kunnskap av eiga åtferd og eigen kommunikasjon påverkar vår evne til å kommunisere effektivt. Kurset omfattar også maktbasert kommunikasjon, og studenten får kunnskap om korleis man kan handtere makt- og hersketeknikkar på ein effektiv måte for å sikre at eiga bodskap blir høyrd.

Ferdigheiter

Studenten tileignar seg ferdigheiter som set studenten i stand til å etablere ein effektiv kommunikasjonsprosess med det føremål å få aksept, og gjennomslag for eit bodskap.

Generell kompetanse

Studenten vil få kjennskap til forhandlingar som arena for mellommenneskeleg åtferd og kommunikasjon, og vil tileigna seg kunnskap og ferdigheiter slik at man vert i stand til å forberede, gjennomføre og evaluere forhandlingar kor fokus er ein effektiv og god kommunikasjonsprosess.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisning består av webinar. Det vil vere forelesningar der studentane kan stille spørsmål og få svar direkte. I tillegg vil det vere interaksjon i felles forum på digital læringsplattform og ein-til-ein kommunikasjon. Bruk av digitale breakoutrooms for gruppediskusjonar. Casebasert læring.

Obligatorisk læringsaktivitet

Skriftleg innlevering

Vurderingsform

Skriftleg individuell heimeeksamen (ikkje obligatorisk) - 3 timar.

Bestått / Ikkje bestått.

Det blir utskriven kursbevis til dei som vel å ikkje ta eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillatne.

Meir om hjelpemiddel