Hopp til innhald

FØS8123 Kommunal økonomistyring - Verksemds- og økonomistyring

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Kurset er det tredje i ein serie på fire kurs innan styring av ressursar i offentleg sektor. Kurset kan takast enkeltvis, eller som ein del av ein pakke som samla gir 10 studiepoeng. Dei fire kursa som inngår i kursserien er:

  • Kommunal rekneskaps- og budsjettforståing (2,5 stp)
  • Forståing av KOSTRA og tenesteanalysar (2,5 stp)
  • Verksemds- og økonomistyring (2,5 stp)
  • Offentlege innkjøp (2,5 stp)

Kursserien vil gi ei god innføring i korleis ein kan nytta dei ressursane ein har tilgjengeleg på best mogleg måte, det vil seia korleis får mest og best mogleg tenester ut av kvar krone.

Dette tredje kurset «Verksemds- og økonomistyring» skal gi deltakarane ei grunnleggjande forståing av økonomistyring i ulike kommunale einingar. Mange verksemder opplever at krava frå politikarar og forventningane frå brukarar er store. Samtidig er ressursane avgrensa. Klare prioriteringar og god styring er viktig for å oppnå god kvalitet på tenestene og utnytta ressursane effektivt. For å få dette til må ein ha god informasjon om eigen ressurbruk. Hovudtemaa i kurset er følgjande:

  • Generelt om økonomistyring
  • Regnskapets formål, brukarar og kvalitetskrav
  • Ajourhold av attestering og registrering i rekneskapane
  • Lønn og pensjon
  • Mva og mva-kompensasjon
  • Inntekter og kontante kasser

Læringsutbytte

Deltakarane skal etter fullført kurs:

  • Ha kunnskap om føresetnadene og formålet med å analysera ressursbruken til eiga verksemd.
  • Forstå dagleg økonomistyring for eiga verksemd.
  • Forstå og kunne bruka rekneskapsrapportar for økonomistyring i eiga verksemd.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Gjennomføringa av kurset består av følgjande aktivitetar:

  • Digital oppstartssamling
  • Forarbeid til samling - setja seg inn i pensum og eventuelt anna utlevert materiell.
  • To dagars samling med andre studentar/kollegaer , Forelesninger og gruppearbeid.
  • Etterarbeid - refleksjon, bearbeiding, innlevering av eksamen

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen.

Vurderingsform

10 dagars indivituell heimeeksamen.

Karaktervurdering: Bestått / ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle skriftlege og trykte hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel