Hopp til innhald

FØS8200 Temabaserte opplevingar & storytelling

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Temabasert reiseliv eller tematiserte opplevingar blir definert av dei som reiser til ein stad pga. tema eller ei spesiell interesse. Det kan vere interesser som hobby, aktivitetar, tema eller destinasjoner som og har ein tendens til å trekke til seg nisjer. Nokon definerar temabasert reiseliv som eit alternativ til masseturisme. Ein tematurist vel å engasjeere seg i lokalsamfunnet og søker å lære i opplevingane, og er derfor knytt nært til berekraftig turisme.

Dette kurset vil dekke introduksjon til SIT (special interest tourism som det heiter på engelsk), marknadstrendar, opplevingsøkonomi og tenesteopplevingar, produktvutvikling og historieforteljing i reiselivsverksemder (t.d. hotell, restaurantar, attraksjonar osb). Tema som sportsturisme, gastronomi, og vin eller siderturisme , mørk turisme og helseturisme vil bli dekka.

Me inkluderer og historieforteljing som eit verktøy i opplevingsutvikling, både som ein del av ei oppleving eller som sjølve opplevinga. Me vil sjå på gode og dårlege døme på historieforteljing både på bedrifts - og destinasjonsnivå.

Læringsutbytte

Studentane bør ha kunnskap om:

  • Ulike spesialinteresser innan spesialinteresseturisme, f.eks. helseturisme, kulinarisk turisme, slektsturisme, mørk turisme og andre typar turisme basert på vår natur- og kulturarv.
  • Bruk av historieforteljing innan spesialinteresseturisme.
  • Opplevingsøkonomi og korleis utvikle nye opplevingar.
  • Bruk av teoretiske konstruksjonar og dramaturgi innan produktutvikling, historieforteljing og opplevingar.
  • Betydninga av narrative og teatralske komponentar i tenesteopplevinga.
  • Koplinga mellom ulike plattformer og sosiale medium til forskjellige spesialinteresser og historier.
  • Forsking og utvikling innan spesialinteresseturisme og historieforteljing.
  • Historie, tradisjonar og særpreg ved spesialinteresseturisme og historieforteljing.

Ferdigheiter

Studentane bør vere i stand til å:

  • Finne, vurdere og referere til informasjon og litteratur.
  • Skape meiningsfulle og berekraftige produkt og opplevingar innan spesialinteresseturisme.
  • Skape meiningsfulle og berekraftige historier, anten som ein del av eller som ei komplett oppleving.
  • Identifisere problem og utfordringar og vurdere kurslitteratur for å løyse dei.
  • Bruke historier via tilsette, suvenirar og opplevingsrommet.
  • Utforske korleis ein kan bruke historier til å knyte saman destinasjonar, besøkande og lokalsamfunn.

Generell kunnskap

Studentane bør vere i stand til å:

  • Finne og bruke ressursar, både materielle og immaterielle som bygningar, tekst, personlege historier, etc., og gjere dei om til opplevingar og historier.
  • Planleggje og gjennomføre ulike oppgåver og prosjekt individuelt og i grupper.
  • Kommunisere forskjellig informasjon innan SIT som teoriar, problem og løysingar, både munnleg og skriftleg, som kan føre til beste praksis.
  • Gjenkjenne innovasjon innan SIT og historieforteljing.
  • Forstå og reflektere over koplinga mellom SIT og berekraftig turisme.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det vil vere ein fordel å kjenne til reiselivsbransjen eller arbeidserfaring fra turistnæringen men er ikkje krav.

Undervisnings- og læringsformer

Nettbasert: Førelesingane blir helde på engelsk i digitale forelesningar via Zoom eller Teams.

Samlingbasert: førelesningar, seminar og gruppearbeid.

Både individuelle og øvingar i gruppe. Bedriftsbesøk og feltarbeid kan kome til.

Obligatorisk læringsaktivitet

To arbeidskrav

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen, 3 dagar, tel 100% av karakter.

Karakter A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • RE6-2010 - Opplevingsøkonomi & Storytelling - Reduksjon: 7,5 studiepoeng