ING311 Systemtenking og innovasjon
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet Systemtenking og innovasjon for ingeniørar skal introdusera studenten for systemtankegang, heilskaplege innovasjons- og utviklingsprosessar samt økonomiske analysar. Gjennom førelesingar og gruppebasert arbeid vil tema innan økonomi, innovasjon og «systems engineering» verte fletta saman til eit ingeniørfagleg emne som skal bidra til å sjå heilskapen i samfunnet frå eit ingeniørfagleg standpunkt.
Emnet skal mellom anna gi studenten ei innføring i innovasjon og entreprenørskap som fenomen, samt ein innføring i verktøy og metodikkar som kan nyttast til å utvikla berekraftige ingeniørprosjekt. Gjennom eit større gruppeprosjekt skal studentane bruka metodikkar og verktøy frå emnet på ei problemstilling forankra i ingeniør- og teknologifaga.
Læringsutbytte
Etter gjennomført emne skal studenten ha følgende læringsutbytte definert i form av kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har naudsynte kunnskapar om metodikk og teknikkar innan systemanalyse, økonomiske analysar og innovasjonsprosessar
- har forståing for modelleringsteknikkar, kravsanalyse og funksjonelle analysar samt levesyklustankegong
- forstår grunnleggjande samanhengar mellom tekniske ingeniørfaglege emne og heilskapleg systemtankegong
- kjenner til økonomiske analyser, kalkylar, rekneskap og ulike selskapsformer
- har forståing for innovasjonar sin påverknad på samfunnet og miljøet
- har kunnskap om innovasjon, entreprenørskap, økonomi og teknologiutvikling innan eige fagfelt
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruka innovasjonsmetodikk i ingeniørprosjekt
- kan gjennomføra systemmodellering, kravsanalyse og funksjonelle analysar
- kan vurdera den økonomiske, miljømessige og sosiale berekrafta i tidlegfaseprosjekt
- er i stand til å nytta kunnskap om sentrale prinsipp innan økonomi, marknadsføring og rekneskap til å gjennomføre prosjekt på ein god måte
- kan kommunisera resultat frå analysar, munnleg, skriftleg og visuelt
- kan arbeida som del av ei gruppe
Generell Kompetanse
Studenten
- kan sjå ein tverrfagleg samanheng mellom økonomi, leiing, etikk, samfunn, miljø og teknologi
- kan reflektera over eiga fagleg utøving, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpassa denne til den aktuelle arbeidssituasjonen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar er 60 studiepoeng innan ingeniør- eller teknologifag.
Undervisnings- og læringsformer
Nettbasert undervisning i tillegg til samlingar med undervisning og arbeid i grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har to arbeidskrav:
- Signera og levera inn samarbeidsavtale for gruppeprosjektet.
- Deltaking på innovasjonsdag med presentasjon av eigen pitch.
Dei obligatoriske aktivitetane må vera gjennomført og godkjend til fastsette fristar, før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Deleksamen med to deler.
Del 1: Skriftleg gruppeoppgåve (tel 70% av karakteren). Oppgåva skal være på inntil 6 000 ord (+/- 10%).
Del 2: Individuell berekraftsrapport (tel 30% av karakteren). Oppgåva skal vera på omlag 2 000 ord (+/- 10%).
Begge delar må vera bestått for at emnet skal vera bestått.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler tillat
Meir om hjelpemiddel