Hopp til innhald

DFB801 Den fleirspråklege barnehagen

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet er forskingsbasert og praksisnært og gjev kompetanse om fleirspråklegheitsdidaktikk og inkludering i ein mangfaldig barnehage. Emnet tek føre seg teori og arbeidsmåtar knytt til fleirspråklegheit, og studenten skal gjennomføra og reflektera over eit utviklingsarbeid i eigen praksis. Emnet vil basera seg på kunnskap om fleirspråklegheit som ressurs, og leggja vekt på å utvikla eit språkstimulerande og inkluderande miljø i barnehagen, med særskilt vekt på samtale, leik og fellesskap kring tekst.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om teori og forsking om kva som kjenneteiknar fleirspråkleg utvikling i barnehagealder
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar eit inkluderande og språkstimulerande miljø for alle barn i barnehagen
  • har kunnskap om ulike arbeidsmåtar for å utvikle og støtte fleirspråklegheit i barnehagen
  • har kunnskap om ulike typar barnelitteratur og lesepraksisar i ei fleirspråkleg barnegruppe
  • har kunnskap om samtalen og leiken si tyding for språkutvikling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte sentrale omgrep og teoriar til å analysere døme på fleirspråklegheit i barnehagen
  • kan setje i gang og leie utviklingsarbeid knytt til fleirspråklegheit og språkstimulerande miljø i barnehagen
  • kan vurdere og velje ut barnelitteratur og leggje til rette for leike- og lesepraksisar i ei mangfaldig barnegruppe
  • kan leggje til rette for leik og ulike typar samtaler i barnehagekvardagen

Generell kompetanse

Studenten

  • kan delta aktivt og kritisk i barnehagefaglege diskusjonar i samtida knytt til fleirspråklegheit
  • kan utøve pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludere og anerkjenne alle barn sine språklege bakgrunnar og erfaringar
  • kan reflektere fagleg over praktiske, teoretiske og etiske problemstillingar knytt til arbeidet med barn si fleirspråklege utvikling
  • kan bruke norsk munnleg og skriftleg i profesjonssamanheng

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er nettbasert, med 10 digitale samlingar på to timar over eitt semester. Emnet består av forelesningar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjonar og gruppearbeid. Studiet stiller krav til den einskilde student om sjølvstendig arbeid med problemstillingar og kunnskapsbasert utvikling av eigen praksis.

Tidspunkt for eksamen blir kunngjort ved semesterstart.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan gå opp til eksamen:

  1. Levere inn to praksisforteljingar i løpet av studiet, og knytte dei til forsking og teori (munnleg/skriftleg).
  2. Levere prosjektskisse til FoU-arbeid på eigen arbeidsplass. Skissa er utgangspunkt for eksamensvurderinga (skriftleg).
  3. Fagleg samtale i grupper om eige FoU-arbeid (munnleg).

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Eksamen er todelt:

Del 1: Individuell oppgåve i form av ein skriftleg rapport frå FoU-arbeid gjennomført på eigen arbeidsplass (tel 60 % av endeleg karakter).

Del 2: Individuell munnleg eksamen (tel 40 % av endeleg karakter).

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve. Det blir ikkje gitt tilbod om rettleiing til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1: Alle hjelpemiddel tillatt

Del 2: Ingen hjelpemiddel tillatt

Meir om hjelpemiddel