Hopp til innhald

DNO801 Danningsperspektivet i norskfaget – ei praktisk tilnærming

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Diskusjonen om danning og nytteverdi er viktig i alle fag, men kanskje spesielt i norskfaget. Norskfaget har også fått eit særskilt oppdrag som går ut på å leggje til rette for danning då ein i læreplanen for norskfaget slår fast at: «Norsk er eit sentralt fag for kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling» (LK20). Vi forstår danning som noko ein utviklar både individuelt og i fellesskap, og som noko som endrar seg over tid. Kva som ligg i danningsomgrepet vil difor endre seg når samfunnet vert endra. Gjennom arbeid med danning, kan norskfaget bidra til å utvikle tenkjemåtar, resonnement og fortolkingar til elevar i møte med tekst og i elevane si eiga tekstskaping.

I læreplanen sin overordna del er det lagt vekt på at skulen har både eit danningsoppdrag og eit utdanningsoppdrag, desse oppdraga heng saman og er gjensidig avhengige av kvarandre. Danning er slik ein del av grunnlaget i opplæringa, men har ikkje eigne kompetansemål i faget norsk. Dette stiller krav til at lærarar kjenner seg trygge på kva som ligg i danningsomgrepet og at dei har eit repertoar av arbeidsmåtar som gjer at dei kan integrere danningsomgrepet gjennom heile opplæringa.

Emnet er retta mot lærarar i grunnskulen og vidaregåande skule som vil lære meir om korleis danning kan integrerast i norskfaglege emne og korleis ein kan gjere det både effektivt og lystbetont. Emnet er heildigitalt og kan takast uavhengig av kvar ein bur. Undervisningsøktene er i hovudsak asynkrone, det vil sei at dei kan spelast av når studenten sjølv vil. Det er også nokre synkrone økter, det vil sei at studenten loggar seg inn på eit gitt tidspunkt for undervisning i sanntid.

Sentralt i emnet står operasjonalisering: Korleis kan lærarar arbeide konkret med danningsutvikling i norskundervisninga? Dette dannar grunnlaget for arbeid med tre ulike perspektiv:

  • Dialog om og med litteratur. Litteratur som spegel og vindauge til tidlause tematikkar for menneska aktualisert opp mot elevane si notid.
  • Språkoppdraging og sosialisering. Skriftkultur og -produksjon som inngang til å utforske, oppleve meistring og kritisk vurdere tekst, både individuelt og i samarbeid med andre. Å kunne bruke skriving som verktøy for tanken og reflektere kritisk over eige arbeid.
  • Eleven som samfunnsaktør. Å bruke munnlege og retoriske ferdigheiter for å formidle og utveksle kunnskap, og «handtere meiningsbrytingar gjennom refleksjon, dialog og diskusjon» (LK20).

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om norskfaget sitt danningsoppdrag
  • har kunnskap om korleis danningsperspektivet i overordna del av LK20 kan integrerast i kompetansemål og undervisning for norskfaget
  • har kunnskap om relevante teoriar om munnleg opplæring og lese- og skriveopplæring, og korleis desse kan gjerast konkrete i undervisning
  • har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing, skriving og munnlegheit kan ha for elevars utvikling og danning
  • har kunnskap om korleis ein kan arbeide med dialog og meiningsbryting i undervising, med danningsperspektivet som utgangspunkt
  • har grunnleggjande kunnskap om generativ kunstig intelligens, og korleis språkmodellar produserer og interagerer med språk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium og at tekstutvalet kan aktualisere tidlause tematikkar
  • kan leggje til rette for at eleven kan bruke språket for å forme personlegdom og verdiar, fremje kritisk tenking og delta i demokratiske prosessar
  • kan leggje til rette for at elevane får skrive i ulike sjangrar og medium,
  • kan reflektere kring og leggje til rette for danning i undervisningssituasjonar, spesielt knytt til opplæring i lesing, skriving og munnlegheit
  • kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
  • kan utarbeide og evaluere eigne didaktiske opplegg som integrerer overordna del med kompetansemål i LK20
  • kan vurdere og ta i bruk ulike teksttypar, metodar, teknologi og kunstig intelligens i arbeid med elevar si danningsutvikling
  • kan dra nytte av og kritisk vurdere kunstig intelligens i lese- og skriveopplæringa

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper i tråd med danningsoppdraget i LK20
  • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon der ein nyttar innsikter som viser at danning og kompetanse heng saman
  • kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrkje identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
  • er medviten om kva som ligg i omgrepet ytringsansvar, både munnleg og skriftleg.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er eit heildigitalt tilbod. Det tyder at det ikkje er fysiske samlingar. Undervisningsøktene vil i hovudsak vere asynkrone, det vil seie at dei kan spelast av når studenten sjølv vil. Men det vil òg vere synkrone økter, det vil seie at studenten loggar seg inn på eit gitt tidspunkt for undervisning i sanntid.

Dei asynkrone øktene vil vere undervisning i emnet sine sentrale tema. Dei er sette saman i tematiske modular som studentane må gjennomføre.

Dei synkrone øktene vil innehalda gruppearbeid, plenumsdiskusjonar og anna studentaktivt arbeid. Det vil vere fire slike økter à 2 timar.

Studentane skal gjennomføre eit utviklingsarbeid med elevar. Arbeidet skal innehalde planlegging og gjennomføring av eit undervisningsopplegg dannar utgangspunkt for semesteroppgåva.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan gå opp til eksamen:

  1. Gjennomføring av alle dei asynkrone modulane i emnet og oppmøte på 3 av 4 synkrone økter.
  2. Eleven som samfunnsaktør: Videoinnlevering i gruppe og deling av undervisingsopplegg. Utvikle og prøve ut eit undervisingsopplegg der danningsperspektivet i norskfaget kjem tydeleg fram. Erfaringsdeling og diskusjon i seminargruppa skal filmast og leverast inn.
  3. Dialog om og med litteratur: Analyse og undervisingsopplegg. Du skal velje ein litterær tekst som passar til bruk i ditt klasserom, og analysere teksten for å vise fram kva moglegheiter teksten gir for arbeid med danning. Du skal lage og gjennomføre eit undervisingsopplegg, og i etterkant av dette skrive ein akademisk tekst som a) har ein analyse av teksten du har valt og b) ei drøfting av erfaringane frå gjennomføringa opp mot pensum.
  4. Språkoppdraging og sosialisering: Individuell tekst. Skrive ein akademisk tekst der du brukar pensum til å reflektere over korleis og på kva ulike måtar god skriveopplæring kan bidra til elevar si danning.

Presisering av formelle krav vert delte ut ved semesterstart.

Språk: Norsk, svensk eller dansk.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Semesteroppgåve: ein valfri obligatoriske læringsaktivitet skal vidareutviklast til ei semesteroppgåve der du får rettleiing frå faglærar undervegs. Oppgåva skal vere på 3000 ord (pluss/minus 10 %).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Det er berre mogleg å levere forbetra versjon av semesteroppgåva med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve. Det vert ikkje gjeve tilbod om rettleiing til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Semesteroppgåve: Alle hjelpemiddel er tillate.

For retningslinjer for bruk av kunstig intelligens (KI) sjå: https://www.hvl.no/student/kunstig-intelligens/

Meir om hjelpemiddel