LEL801 Leikande litteraturformidling
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Dette emnet er for deg som jobbar i barnehage eller skulen sitt 1. - 4.trinn. I emnet vil du få kunnskap om nyare barnelitteratur og tekstar for barn, samt korleis du som pedagog kan skapa eit lesemiljø som legg til rette for barn si oppleving av tekst, gjennom ulike formidlingsstrategiar og utforskande og skapande verksemd. Fokuset vil vera på samanheng mellom estetiske læringsprosessar og leik, læring og danning hos barn. Emnet vil leggja vekt på å utvikla eit språkstimulerande og inkluderande lesemiljø i barnehagen og skule, med særskilt vekt på samtale, leik og fellesskap kring tekst.
Emnet er teoretisk og praktisk orientert og bygger på pedagogisk kunnskap om barn, kunstfaga drama, forming og norsk, og på kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking med relevans for kunnskapsområdet.
Emnet er samlingsbasert med noko nettstøtte. Det er 3 samlingar på tre dagar. Mellom samlingane er det lagt opp til individuelt arbeid og noko gruppearbeid. Emnet vil basera seg på utprøvingar på eigen arbeidsstad.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om nyare barnelitteratur og teori kring litteratur og lesing
- har kunnskap om ulike formidlingsformer, og leiken og samtalen si tyding for barn si tekstoppleving
- har kunnskap om estetiske verkemiddel, arbeidsmåtar, materiale, verktøy og teknologi i litteratur, drama og forming
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføre analysar av litterære tekstar med vekt på formidlingsstrategiar
- kan bruke dramatiske, visuelle, og litterære verkemiddel i formidling, og kan bruke fagspesifikke reiskapar, teknikkar og materiale i arbeid med barn
- kan skapa leike- og lesemiljø som stimulerer barn til å utforske, leike, lære og skape gjennom analoge og digitale uttrykksformer
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere kritisk over kvalitet i barnelitteratur, samt barnehage og skule sitt utval av barnelitteratur
- kan planleggje og leie utviklingsarbeid knytt til arbeid med litteratur og formidling i barnehage og skule
- kan reflektera kring pedagogens betydning som medskapar, deltakar og rollemodell i barn sine estetiske læringsprosessar
- kan formulere faglege problemstillingar både munnleg og skriftleg i profesjonssamanheng
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet blir organisert med varierte arbeidsformer som fleirfagleg og tverrfagleg arbeid, forelesingar, gruppearbeid, seminar, praktiske arbeid, verkstadsarbeid og sjølvstudium. Hovudvekta i emnet vil i stor grad vere praktisk-metodisk, men vil også krevje arbeid med relevant faglitteratur. Utprøving på eigen arbeidsstad vil vera ein sentral del av emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan gå opp til eksamen:
- Skriftleg oppgåve knytt til barnelitteratur, litteraturformidling og lesemiljø.
- Estetisk formidling. Praktisk/munnleg.
- Deltaking i undervisning. 80 % oppmøte.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Munnleg eksamen, 30 minutt.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel