Hopp til innhald

NVB012 Digital kommunikasjon og marknadsføring

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

  • Vil du heva nivået ditt innan marknadsføring og kommunikasjon?
  • Ønskjer du ei solid forståing innan desse felta?

Dette kurset dykkar inn i teoriane, strategiane og vurderingane som ligg til grunn når organisasjonar formar sine kommunikasjons- og marknadsføringsstrategiar, med spesiell vekt på det digitale landskapet. Målet vårt er å rusta deg med evna til å analysera kommunikasjonskanalar og nytta modellar og verktøy for planlegging og utføring av marknadsføringsaktivitetar. Du vil ikkje berre meistra moderne fagverktøy, men også utvikla ein kritisk refleksjon rundt dagens og framtidige kommunikasjonsutfordringar i ein stadig meir global konkurransearena.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har:

  • kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar knytt til korleis organisasjonar;

    • planlegg, organiserer og kontrollerer sin marknadsføring og kommunikasjon
    • analyserer marknaden og kommunikasjonskanalar
    • finn målgrupper og posisjonera seg
    • kan tilpasse og nytte ulike konkurranseverkemiddel
  • kunnskap om dagsaktuelle og gryande forsking og problemstillingar som er relevante for fagområdet

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • analysere og drøfte praktiske problemstillingar i lys av teoriar og modellar i litteraturen og grunngje sine val
  • kunne finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette i lys av ei problemstilling innan digital kommunikasjon og marknadsføring

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan formidle og drøfte teori, -modellar og -analysar både skriftleg og munnleg
  • kan gjere sjølvstendige refleksjonar kring etiske, miljømessige og juridiske utfordringar knytt til sentrale problemstillingar innanfor kommunikasjon og marknadsføring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Marknadsføring

Undervisnings- og læringsformer

Tre helgesamlingar med forelesingar og arbeid med øvingsoppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ei skriftleg innleveringsoppgåve i gruppe.

Vurderingsform

Heimeeksamen over 10 dager aleine eller i grupper på 2 - 3 studentar - 100 %

Karakterskala A - F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle trykte og skrevne hjelpemidler tillete

Meir om hjelpemiddel