PIB801 Profesjonsskriving i barnehagen
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Formålet med vidareutdanninga Profesjonsskriving i barnehagen er å styrke barnehagelæraren sine skriftlege ferdigheiter for å kunne informere, planlegge, vurdere og dokumentere for ulike formål og mottakarar (t.d. planar, møtereferat, informasjonsskriv til foreldra, e-post og annan digital kommunikasjon). Emnet tematiserer formidling og kommunikasjon i ulike medium - både digitalt og på papir - og gir studentane øving i skrivestrategiar som effektiviserer planarbeidet i barnehagen som kan betre samarbeid med foreldre og andre instansar.
Sentralt innhald i emnet er:
- Plantekstar: I dette temaet får studenten forståing for planarbeid og kva didaktiske mål og innhald har å seie for barnehagekvardagen.
- Vurderingstekstar og pedagogisk dokumentasjon: I dette temaet får studenten grundig innsikt i korleis ein kan skrive, vurdere og dokumentere pedagogisk arbeid.
- Vurderingstekstar og individperspektiv: I dette temaet arbeider studentane med case knytte til enkeltbarn og utviklar t.d. individuelle utviklingsplanar (IUP) som kan nyttast i kommunikasjon med andre instansar som PPT, skule, føresette og helsestasjon.
- Digitale tekstar: Temaet vil gi ei innføring i personvern, digital dømmekraft og kjeldekritikk. Studentane vil få utarbeide multimodale tekster og vurdere korleis desse fungerer.
- Tekstar i det fysiske barnehagemiljøet: Kva for tekster finn vi i barnehagen og korleis blir tekstene brukte? Studentane skal vidareutvikle barnehagens tekstmiljø.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om formålet og samanhengen mellom plantekstar
- har god innsikt i Rammeplan for barnehagen, styringsdokument og lovtekstar som er relevante for profesjonsskriving i barnehagen
- har god kunnskap om prinsipp for personvern, digital dømmekraft og kjeldekritikk i samband med digitalt tekstarbeid
- har inngåande kunnskap om korleis observasjon kan knytast til pedagogisk dokumentasjon
- har grundig innsikt i korleis ein kan tolke og vurdere styringsdokument, pedagogisk arbeid og dokumentasjon for å drive pedagogisk systemarbeid i barnehagen
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
- kan formulere didaktiske mål og operasjonalisere desse i profesjonstekstane
- kan dokumentere observasjonar av barn og barnegrupper til bruk i vurderingsarbeid
- kan skrive profesjonstekstar til ulike formål med fagleg innhald og formålstenleg form
- kan vurdere ulike medium for å kommunisere med føresette og andre instansar som skule, helsestasjon og PPT
- kan tolke, vurdere og revidere tekstar i ulike medium
- har god digital dømmekraft
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere fagleg og kritisk over profesjonsskriving i barnehagen
- kan kritisk vurdere ulike profesjonstekstar
- har grundig innsikt i skriftlege kommunikasjonshandlingar
- har grundig innsikt i skrivetrekanten (formål, form og innhald) og kjeldebruk
- har god framstillingsevne skriftleg på valfritt skriftspråk (bokmål eller nynorsk)
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er eit heildigitalt tilbod. Det tyder at det ikkje er fysiske samlingar. Undervisningsøktene vil i hovudsak vere asynkrone, som vil seie at dei kan spelast av når studenten sjølv vil, men det vil òg vere synkrone økter der studenten loggar seg inn på eit gitt tidspunkt for undervisning i sanntid.
Dei asynkrone øktene vil vere undervisning i emnet sine sentrale tema. Dei er sette saman i tematiske modular som studentane må gjennomføre.
Dei synkrone øktene vil innehalde gruppearbeid, plenumsdiskusjonar og anna studentaktivt arbeid. Det vil vera tre slike økter à 2 timar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har tre obligatoriske læringsaktivitetar:
1. Deltaking i tre av fire synkrone økter og gjennomføring av samlege modular i emnet. Deltaking er knytt til læringsutbyttet:
- kan reflektere fagleg over profesjonsskriving i barnehagen
2. Ein munnleg digital presentasjon med tilhøyrande skriftleg tekst knytt til læringsutbyttet:
- kan vurdere ulike medium for å kommunisere med føresette og andre instansar som skule, helsestasjon og PPT.
3. Ein individuell skriftleg dokumentasjonstekst i prosess knytt til læringsutbytta:
- har grundig innsikt i korleis ein kan tolke og vurdere styringsdokument, pedagogisk arbeid og dokumentasjon for å drive pedagogisk systemarbeid i barnehagen
- kan skrive profesjonstekster til ulike formål med fagleg innhald og formålstenleg form
Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast to veker før studenten kan gå opp til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Individuell skriftleg heimeeksamen over tre dagar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillatne.
Her kan du lese om bruk av kunstig intelligens i akademisk arbeid ved HVL: Korleis bruke kunstig intelligens som student - Høgskulen på Vestlandet.
Meir om hjelpemiddel