PSBU851 Psykososialt arbeid med barn og unge
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet gir fordjuping i psykososialt arbeid med barn og unge. Det set søkelys på faktorar som fremjar og hemmar helse hjå barn og unge, og på profesjonell praksis i møte med til dømes psykiske helseplager, rus, vald og overgrep. Gjennom arbeid med emnet får studentane kunnskapar om barn og unge si medverknad, rettar og sosiale livsvilkår, samt ei innføring i arbeid retta mot utanforskap og marginalisering. Perspektiv frå minoritetar og barn og unge med funksjonsnedsetjingar blir særleg vektlagde.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten…
• har inngåande kunnskap om kva som fremjar og hemmar meistring, utvikling og livskvalitet hos barn og unge
• har inngåande kunnskap om samanhengen mellom psykiske helseplager, rusmiddelbruk, vald og overgrep og sentrale risiko- og beskyttelsesfaktorar
• har inngåande kunnskap om helsefremmande og førebyggjande arbeid i et psykososialt perspektiv
• har avansert kunnskap om barn og unge sin medverknad og øvrige rettar
• har inngåande kunnskap om særlege forhold knytt til minoritetar, urfolk og barn/unge med funksjonsnedsetjingar
Ferdigheiter:
Studenten…
• kan anvende kunnskap om relasjon og kommunikasjon for å samskape hjelpsame tiltak for barn, unge og familiar
• kan bruke relevante metodar og tilnærmingar for å fremje meistring ved belastande livshendingar og andre psykososiale utfordringar
• kan arbeide på ein inkluderande, tillitsskapande og anerkjennande måte i møte med utsette barn og unge, med spesielt fokus på utanforskap og marginalisering
• kan analysere og bruke helsefremjande og førebyggjande metodar for å fremje helse, utvikling og livskvalitet, inkludert sjølvmordsførebygging
Generell kompetanse:
Studenten… *
• kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter for å fremje barn og unges livskvalitet og psykiske helse, gjennom å skape trivsel, meistring, meining og sosial inkludering
• kan identifisere risiko- og beskyttelsesfaktorar og iverksette tiltak for å redusere psykososiale belastningar i barn og unge sitt oppvekstmiljø
• kan reflektere kritisk over eigen profesjonell praksis, haldningar og verdiar, samt ivaretaking av seg sjølv som profesjonsutøvar
• kan fremje brukarmedverknad og barn og unges rettar i tiltak og tverrfagleg samarbeid
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
PSBU850
Undervisnings- og læringsformer
I emnet kombinerer ein fysisk og digital undervisning. Det vert forelesingar, og studentaktive læringsformer som gruppe- og caseoppgåver, presentasjon og oppgåveskriving.
Det er i tverrfaglege rettleiingsgrupper i kvar samlingsuke.
Det blir forventa at studentane samarbeider og driv sjølvstudium mellom samlingane.
Normal arbeidsinnsats for dette emnet på deltid er 20 timer per veke i gjennomsnitt.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen:
- 75% obligatorisk oppmøte til undervisning.
- 100% oppmøte i rettleiingsgrupper.
- Ei individuell skriftleg oppgåve knytt til et praksisnært case med eit omfang; 1500 ord (+/-10 %).
- Gruppeframlegg. Alle deltakarane i gruppa må delta aktivt i presentasjonen.
Vurderingsform
Heimeeksamen på 2000 ord pluss/minus 10%, 4 dagar.
Vurderinstrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er greidd karakterar og F er ikkje greidd.
Ny eksamen
Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddel