Hopp til innhald

NVB001 Bedriftsøkonomisk analyse

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

  • Ønskjer du betre innsikt i og forståing av økonomien i verksemda?
  • Vil du vite korleis du les og analyserer eit rekneskap?
  • Lurer du på korleis du skal prissetje varene og tenestene du tilbyr?
  • Treng du eit verktøy for å rekne ut kva ei utviding kostar?

Kurset gir grunnleggjande kunnskapar i bedriftsøkonomi. Kurset startar med ei forståing av korleis rekneskapet er bygd opp. Vidare blir det gjennomgått korleis rekneskapsdata blir bearbeidde i driftsrekneskap for bruk i ulike typar avgjerder. Kalkylemetodar og teknikkar for økonomiske avgjerder på kort og lang sikt står sentralt. Kurset gir i tillegg innsikt i prinsipielle og praktiske problemstillingar knytte til investeringar og finansiering (lån), med særleg vekt på metodar for lønsemdskalkylar."

Læringsutbytte

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten

  • ha grunnleggjande kunnskapar om føremålet med finansrekneskapet
  • ha forståing for omgrepa utgifter, kostnader, utbetalingar, inntekter og innbetalingar
  • ha forståing for verknaden av endringar i lager/behaldningar
  • kunne forklare samanhengar mellom transaksjonar og deira påverknad på resultat, balanse og eigenkapital
  • kunne analysere eit rekneskap ved hjelp av enkle nøkkeltalsberekningar
  • ha kunnskap om ulike kalkylemetodar og kunne utarbeide sjølvkost- og bidragskalkylar
  • kunne gjere ei vurdering av prissetjing på varer og tenester
  • kunne gjennomføre kostnad-resultat-volum-analysar
  • ha forståing for budsjettering av resultat, balanse og likviditet
  • kunne budsjettere kontantstraum for investeringsprosjekt og lån, og nytte ulike metodar for å berekne lønsemd i investeringsprosjekt
  • ta omsyn til prisstiging og finansiering ved utarbeiding av kontantstraum, og kunne gjennomføre enkel kjensle-/sensitivitetsanalyse
  • kunne bruke Excel til bedriftsøkonomisk analyse og investeringsanalyse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Fire helgesamlingar med førelesingar og arbeid med øvingsoppgåver.

Nettbasert undervisning mellom dei fysiske samlingane ved behov.

Obligatorisk læringsaktivitet

To obligatoriske innleveringar må vere godkjende for å få gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Tre dagar individuell skriftleg heimeeksamen.

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Eksamen kan bli gjennomført i digitalt eksamenssystem.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel