Hopp til innhald

NVB013 Digital organisasjon og leiing

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Er du nysgjerrig på organisasjon og leiing i en digital tidsalder?

Ønsker du å forstå og analysere endringane digital teknologi medfører for organisatoriske strukturer, samarbeid, og leiing?

Emnet dykkar ned i korleis digital teknologi påverkar organisasjonar på ulike områder. Fra innovasjonar innan produkt og tenester til grunnleggande endringar i organisatoriske prosesser, samarbeidsformer og leiiarroller.

I løpet av kurset vil du bli eksponert for en kombinasjon av førelesningar, gruppearbeid og seminar. Aktiv deltaking er viktig. Du vil få erfaring med gruppepresentasjonar, skriving og kritisk diskusjon.

Emnet skal gi oppdatert kunnskap om digital teknologi, robotisering, digitale plattformer og kunstig intelligens som er relevant for organisering og leiing i en digital tidsalder.

Viktige tema er i kva grad verksemder er moden for digitale endringar og korleis organisasjon, arbeidsprosessar og leiing blir endra når digitale løysningar blir tatt i bruk. Kurset gir kunnskap om solsiden for digitalisering som nytte, verdiskaping, effektivisering, kontroll, betre avgjersler og autonomi. Skyggesiden ved innføring av digital organisering blir blant annet drøftet som utfordringer for etikk, bærekraft og utfordringer for arbeidsliv og menneskerettar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter ferdig kurs har studenten kunnskap om og forståelse av korleis:

  • digital teknologi mogleggjer organisasjonsendring.
  • organisasjonar er moden eller umoden for digitalisering.
  • digital teknologi og digitale løysningar kan påverke organisasjon, funksjon, struktur, kultur, drift, prosess for avgjersler og måloppnåing for samhandling og leiing.
  • digital organisering og leiing utfordrar etikk, samfunnsansvar og bærekraft.

Ferdigheiter

  • Studentane er etter gjennomført kurs:
  • i stand til å analysere korleis digital teknologi mogleggjer og medfører organisasjonsendring
  • kan reflektere kritisk over, og anvende teoriar og metodar innan organisering og digital transformasjon med vekt på drivarar og barrierar for sol- og skuggesider ved digitale innovasjonar.
  • kan delta konstruktivt og komme med fagbaserte forslag i endringsprosessar for organisasjon og leiing der digital teknologi er sentral.
  • kan vurdere utfordringer knyttet til etikk, samfunnsansvar og bærekraft for digital teknologi i organisasjonar.
  • kompetent til kritisk kjeldebehandling.

Generell kompetanse

Studentane er etter gjennomført kurs:

  • i stand til å jobbe både uavhengig og i team med praktiske og teoretiske problem.
  • i stand til å presentere resultantane av slikt arbeid i munnleg og skriftleg form.
  • kan formidle relevante tema til både spesialistar og ikkje-spesialistar.
  • vet når ytterligere kompetanse er nødvendig, og hvor slik kompetanse kan bli funnet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Organisasjon og leiing

Undervisnings- og læringsformer

Tre helgesamlingar med førelesningar og arbeid med øvingsoppgåver. Nettbaserte møter mellom de fysiske samlingane. Fysisk undervisning, seminar, gruppearbeid og veiledning.

Obligatorisk læringsaktivitet

En gruppebasert skriftleg innlevering og en presentasjon i gruppe, etter oppgitt emne

Vurderingsform

Heimeeksamen over 10 dager alene eller i gruppe på inntil tre studentar - teller 100 %

Karakterskala A - F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne

Meir om hjelpemiddel