BKUF301 Prosjektutvikling og -leiing
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei innføring i og erfaring med prosjektleiing, øving i prosjektutvikling og kjennskap til ulike formidlingsarenaer for kunstpraksisar. Søknadsskriving og budsjettarbeid inngår i emnet, saman med kunnskap om moglege offentlege finansieringskjelder. Det blir dessutan lagt opp til at studenten skal arbeide bevisst med å utvikle sin berekraftige kunstnarlege identitet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om prosjektleiing i kunst- og kultursektoren
- kjenner til Den kulturelle beremeisen, Den kulturelle skulesekken, Den kulturelle spaserstokken og andre formidlingsarenaer
- kjenner til offentlege kjelder for finansiering av kunstnarleg verksemd
- kjenner til aktuelle tverrfaglege kunstpraksisar
Ferdigheiter
Studenten
- kan leie eit større prosjektarbeid frå idefase til offentleg presentasjon
- har erfaring med søknadsskriving
- kan setje opp eit budsjett og ha oversikt over økonomiske forhold i eit prosjekt
- har jobba med å bygge ein portofolie bl.a. ved hjelp av digitale verktøy og plattformer
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i prosessar som er sentrale i prosjektutvikling
- har jobba med si berekraftige kunstnarlege identitetsbygging
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga er samlingsbasert og nettstøtta. Arbeidsforma i emnet vekslar mellom gruppearbeid, forelesingar, praktisk arbeid, rettleiing, studentframlegg og bruk av nettbaserte ressursar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Søknadsskriving med budsjett
- Hospitering hjå ein utøvande kunstnar/musikar eller ein institusjon, minimum 20 timar
- Presentasjon av progresjon i eige arbeid med eksamensoppgåvene
- Godkjent obligatorisk deltaking på samlingane.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Mappe.
Eksamen består av tematisk forbundne skriftlege og praktiske mappeelement som blir vurdert som ein heilskap.
Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddel