BSF302 Språk og kommunikasjon
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet vert ikkje tilbydd 2025/2026.
Språk og kommunikasjon er eit emne som omhandlar den språklege og tekstlege utviklinga til barn. Språk er viktig i leik, utforsking, kommunikasjon og danning. Emnet kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap om kva språk er og korleis barn utviklar språket sitt, også i eit fleirspråkleg perspektiv. Desse temaa er viktige for barn sin leik og kommunikasjon og avgjerande for at born kan utvikla relasjonar til andre menneske og fungera sosialt i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn. I emnet får ein teoretisk og forskingsbasert kunnskap om korleis ein i skulefritidsordninga kan støtta barn si språklege utvikling gjennom eit miljø for samtale, og språkstimulerande miljø i barn sin sjølvvalde leik og i tilrettelagte aktivitetar. Ein vil også få teoretisk og praksisbasert kunnskap om barn si tekstlege utvikling, og korleis ein i skulefritidsordninga kan vera ein arena for barn sin eigne munnlege kultur og formidling av tekstar og tekstopplevingar.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk, barns språkutvikling i skulealder, og leiken si rolle i barn si språklege utvikling
- har brei kunnskap om språkleg identitet, fleirspråklegheit, og om det å læra norsk som eit andrespråk
- har god kunnskap om samtalen si rolle i barn si læring, og ulike munnlege sjangrar
- har god kunnskap om barnelitteratur i ulike sjangrar og kunnskap om litteraturdidaktikk
- har kunnskap om tidleg lese- og skriveutvikling og barn sine fritidstekstar
Ferdigheiter
Studenten
- kan vera medviten språkleg rollemodell og ein samtalepartnar som fremmer barn si aktive deltaking, utvikling og danning
- kan delta i utvikling av eit språkmiljø som ivaretar språkleg mangfald og inkludering
- kan leggje til rette for eit inkluderande og variert lekemiljø for språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing
- kan leggje til rette for kvalitet og mangfald i barn sine tekstopplevingar og lesefellesskap, også i eit fleirkulturelt perspektiv
- kan leggja til rette for eit skriftspråkstimulerande miljø
Generell kompetanse
Studenten
- kan rettleie, leie og kritisk reflektere over arbeidet med språk og kommunikasjon i skulefritidsordninga
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid knytt til arbeidet med språk og kommunikasjon i skulefritidsordninga
- kan, med bakgrunn i fagleg kunnskap og teori, utøve pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludere og anerkjenne alle barn sine språkleg og tekstlege erfaringar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i klasserommet eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er to obligatoriske læringsaktivitetar i emnet. Studentane må syne skriftleg og munnleg kompetanse.
- Ein munnleg presentasjon knytt til eit praksisoppdrag
- Ein skriftleg tekst knytt til eit praksisoppdrag
Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for de obligatoriske læringsaktivitetane.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Mappe med to element.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel