Hopp til innhald

ING2048 Arbeidsmiljøet

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Studentane skal i emnet utvikle ei forståing for kva faktorar i arbeidsmiljøet som kan verke inn på arbeidstakarane si fysiske og psykiske helse og velferd.

 Faktorane i emnet som blir gjennomgått, er:

  • sykososiale og organisatoriske faktorar
  • fysiske faktorar
  • kjemiske faktorar
  • biologiske faktorar
  • ergonomi og belastningslidingar, førebyggje og fylgje opp sjukefråvær
  • forureining og avfall knytt til det ytre miljøet

 Emnet vil gje studentane kunnskapar til å kartleggje farar og problem i ei verksemd, vurdere risikoen og å setje i verk tiltak for å redusere risikoen. Arbeidsmiljølova med forskrifter ligg til grunn for å vurdere om arbeidsmiljøet er i samsvar med lovkrava.

Læringsutbytte

 

Studenten skal ha kjennskap til:

  • Viktige lover, forskrifter og rettleiingar.

 

Studenten skal ha kunnskap om

  • Arbeidsmiljøloven sine krav og korleis desse skal ivaretakast.
  • Ulike faktorar i arbeidsmiljøet som representerer risikoforhold og helsefarlege eksponeringar.
  • Konsekvensar for arbeidstakaren si helse dersom han/ho vert utsett for uheldige fysiske og psykiske belastningar.
  • Det totale arbeidsmiljøet (psykososiale, organisatoriske, kjemiske, biologiske, fysiske og ergonomiske faktorar).
  • Korleis miljøet vert påverka av forureining og avfall.

 

Studenten skal kunne

  • Kartlegge og risikovurdere arbeidsmiljøet i ei verksemd.
  • Vurdere om arbeidsmiljøet er i samsvar med krava i lovverket.
  • Foreslå tiltak for å redusere risikoen.

 

 

  • Studenten kan planleggje og gjennomføre ei arbeidsmiljøkartlegging, og kan anvende ulike teoriar, prosessar og metodar for å vurdere faktorar i arbeidsmiljøet.

 

 

  • Studenten kan finne lover og krav som gjelder for ei verksemd.
  • Studenten kan forklare teori og omgrep på en enkel måte (skriftlig og munnleg).
  • Studenten kan utveksle synspunkt med fagfolk og delta i faglege diskusjonar.
  • Studenten kan skrive rapport frå ei arbeidsmiljøkartlegging.
  • Studenten har erfaring med laboratoriearbeid.
  • Studenten har erfaring med å jobbe i grupper.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Kjemi og miljø; Systematisk HMS-arbeid.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, laboratoriekurs og prosjekt. 

Det obligatoriske laboratoriekurset består av fleire øvingar som går over fleire dagar spreidd ut over semesteret. Av praktiske årsaker kan ikkje alle øvingane gjennomførast fleire gonger. Det er viktig at studentane gjer seg kjende med kva for dagar dei må være til stades, då ugyldig fråvær kan føre til at studiekravet ikkje vert godkjent og ein mister eksamensretten i emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjent obligatorisk laboratoriekurs. 

Vurderingsform

Del 1: Prosjekt, teller 40 % av endeleg karakter.

Del 2: Skriftleg eksamen, 5 timar, tel 60 % av endeleg karakter

Prosjektet omhandlar arbeidsmiljøfaktorar i ei sjølvalgt verksemd. Studentane jobbar med prosjektet under rettleiing gjennom semesteret. Sluttrapporten blir vurdert.

Gradert karakter A - E / F (stryk).

Begge delane må bestås.

Hjelpemiddel ved eksamen

Skuleeksamen, skriftleg: Ingen.

Meir om hjelpemiddel