Kvalitets- og HMS-ingeniør

Bachelor

Tryggleiksstandardane i offshoreverksemdene i Nordsjøen har utvikla seg til å bli dei mest omfattande i verda. Som Kvalitets- og HMS-ingeniør bygger du opp og driftar styringssystem for kvalitet og HMS, slik at ein unngår uønska hendingar, enten det er kvalitetsforrverring av produktet, utslepp til miljø, skadar på menneske eller brot på tryggleiken.

Studieprogrammet er lagt ned, og tek ikkje opp nye studentar.

Gjennom internkontrollar og risikoanalysar sørgjer kvalitets- og HMS-ingeniøren for å forbetre rutinar og praksis som påverkar helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassar.

HVL er den einaste høgskulen i landet som tilbyr denne utdanninga, og kompetansen din er etterspurt i både privat og offentleg sektor.

Plassert på Vestlandet ligg vi midt i hjarta av næringa som jobbar mot olje- og gassfelta i Nordsjøen. Denne regionen er i sentrum for olje- og gassverksemda i Noreg, med mange bedrifter som arbeider med offshorerelatert verksemd.

Gjennom studiet lærer du om:

  • HMS-internkontroll og arbeidsmiljø
  • risikovurdering og risikoanalyse
  • beredskapsleiing
  • brannvern og ytre miljø

Du får ei innføring i teoriar og modellar innan ulykker, ogransiasjonsteoriar og moderne leiingsmodellar innan kvalitets- og tryggleiksleiing. I studiet kan du også fordjupe deg innan kvalitetsstyring, eller du kan studere eit semester i utlandet og få ein internasjonal profil på studiet ditt.

Utdanninga følgjer rammeplanen for ingeniørutdanningar i Noreg.

Undervisningsmåter

Utdanninga er organisert gjennom forelesingar, oppgåveløysing, gruppearbeid, seminar, bedriftsbesøk, lab og rettleiing. Vi har gode laboratorium, der du kan øve på praktisk bruk av utstyr og verktøy som blir brukt til kartlegging av arbeidsmiljøet.

Vi opnar også for studieturar både i inn- og utland.

Vil du studere meir?

Fullført bachelorgrad kvalifiserer for opptak på mastergrader og vidareutdanningar i ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved å ta nokre ekstra emne i brannsikkerheit, kan du søke opptak til HVL sin master i brannsikkerheit.

Utveksling

Du kan ta eit studieopphald i utlandet som ein del utdanninga. Vi har etablerte program og samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda.

Kor kan du reise?