Hopp til innhald

EVOMUS802 Musikk 1 emne 2 for trinn 1-10

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Musikk 1 Vidareutdanning for lærarar i grunnskulen 1-10 retter seg mot lærarar i grunnskulen som ikkje har formell utdanning i musikk.

Studiet har desse hovudkomponentane: Grunnleggande erfaringsbasert og forskingsbasert opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd, musikalsk barne- og ungdomskultur, begynnaropplæring i musikk og innføring i skulefaget musikk slik det er forma for trinna 1-7 og 5-10 i gjeldande læreplan. 

Dei fagdidaktiske delane av studiet er sikta inn mot musikklæraren sitt arbeid med elevar si faglege læring på trinna 1-7 og 5-10. Det blir lagt opp til eit differensiert opplegg for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn i deler av emnet dersom deltakarane har behov for dette. Tilpassa opplæring og ulike former for vurdering er tema som blir inkludert i emnet både for 1-7 og 5-10-lærarar. Undervisningsstoff og arbeidsmåtar i studiet skal gi studentane ferdigheiter, kunnskap og erfaring som gjer dei fortrulege med begynnaropplæring og vidare progresjon i musikkfaget. 

Studiet er delt inn i to emne - emne 1 (15 sp) går om hausten og emne 2 (15 sp) går om våren.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om musikkfaget før og no, med særleg blikk på fagfornyinga   
  • har forskingsbasert kunnskap om læring og estetiske og kreative læringsprosesser knytt til begynnaropplæring i musikk og til vidare progresjon i musikkfaget    
  • har innsikt i musikken si rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i samfunn prega av mangfald 
  • har kunnskap om tilpassa opplæring og ulike former for vurdering i musikkfaget 

 

Ferdigheiter 

Studenten 

  • kan leie og instruere song-, samspel- og danseprosessar med medstudentar og med elevar  
  • kan lytte aktivt til eit breitt utval av musikk frå ulike sjangrar, historiske periodar og ulike kulturar og vise kunnskap om denne musikken gjennom munnlege, skriftlege og andre uttrykksformer   
  • kan improvisere, arrangere og komponere musikk med stemme, musikkinstrument og digitale verktøy 
  • kan planlegge, bruke og vurdere varierte arbeidsformer, metodar og vurderingsformer som bidrar til tilpassa musikkopplæring   

 

Generell kompetanse 

Studenten 

  • kan initiere fagleg samarbeid og leggje til rette for musikkfagleg læring i fleirfaglege tema- og prosjektarbeid 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det er ei føremon om studenten har noko praktisk erfaring med musikk frå før.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidet i emnet føregår på fysiske samlinger med klasse- og gruppeundervisning (3 samlinger a 3 dagar kvart semester), og gjennom nettbasert undervisning, rettleiing og gruppearbeid.  

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk frammøte. Fråvær må dokumenteras med sjukemelding. Studentane er sjølv ansvarleg for å halde seg oppdatert om fagleg innhald dei eventuelt har gått glipp av.
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av eit undervisningsforløp i musikk ved hjelp av digitale verktøy.
  • Ei skriftleg oppgåve

 

Arbeidskrava blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent. Godkjente arbeidskrav gjeld i tre påfølgande semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Praktisk gruppe-eksamen med eksaminering på ca. 30 minutt.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd. Individuell karakter.

Ny/utsatt eksamen blir gjennomført som individuell eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel