
Musikk 1 | 1.-10. trinn
Etter- og vidareutdanning
Ønskjer du å auke din kompetanse i musikkfaget i skulen? Velg denne samlingsbaserte vidareutdanninga i Bergen.
Å utøve, lage og oppleve musikk
Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi alle barn og unge musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i å utøve, lage og oppleve musikk. I musikkstudiet i lærarutdanningane for grunnskulen er det difor lagt vekt på å skape ein god samanheng mellom lærarstudenten si eiga musikalske og kunstnarlege utvikling, og fagdidaktisk kompetanse i å planlegge, gjennomføre og reflektere over musikkundervisning.
Aktivt samspel mellom elevar
Musikkfaget er tufta på eit premiss om likeverd og er godt eigna som regifag innanfor dei tverrfaglege tema demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring og berekraftig utvikling som vi finn i fagfornyinga. Det er eit inkluderande fag kor «utanforskap» kan reduserast gjennom at elevane er aktive i samspel med kvarandre.
Studiet har desse hovudkomponentane
- Grunnleggande erfaringsbasert og forskingsbasert opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd
- Musikalsk barne- og ungdomskultur
- Begynnaropplæring i musikk og innføring i skulefaget musikk slik det er forma for trinna 1–7 og 5-10 i gjeldande læreplan
Dei fagdidaktiske delane av studiet er sikta inn mot musikklæraren sitt arbeid med elevar si faglege læring på trinna 1–7 og 5-10. Det kan bli lagt opp til eit differensiert opplegg for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn i deler av emnet dersom det er føremålsteneleg og tilhøva ligg tilrette for det.
Tilpassa opplæring og ulike former for vurdering er tema som blir inkludert i emnet både for 1-7 og 5-10-lærarar. Undervisningsstoff og arbeidsmåtar i studiet skal gi studentane ferdigheiter, kunnskap og erfaring som gjer dei fortrulege med begynnaropplæring og vidare progresjon i musikkfaget.
Samlingsbasert og nettbasert
Arbeidet i studiet skjer gjennom samlingar, gjennom nettbasert undervisning, rettleiing og gruppearbeid, og gjennom studentane si bruk av studieinnhaldet i eigen ordinære undervisningspraksis.
Samlingar hausten 2022 og våren 2023
Haust 2022
- Veke 36: onsdag 7. – fredag 9. september
- Veke 42: onsdag 19. – fredag 21. oktober
- Veke 47: onsdag 23. – fredag 25. november (eksamenssamling)
Vår 2023
- Veke 4: onsdag 25. – fredag 27. januar
- Veke 11: onsdag 15. – fredag 17. mars
- Veke 17: onsdag 26. – fredag 28. april
