Hopp til innhald

Studieplan - Musikk 1, 1.-10. trinn

Hausten 2022

Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi alle barn og unge musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i musikk gjennom aktivitetsformene musisering, komponering og lytting.

I Musikk 1, 1-10 er det difor lagt vekt på å skape ein god samanheng mellom di eiga musikkfaglege utvikling, og din fagdidaktiske kompetanse i å planlegge, gjennomføre og reflektere over musikkundervisning.

Musikkfaget er godt eigna som regifag innanfor dei tverrfaglege temaa demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmestring og berekraftig utvikling som vi finn i fagfornyinga. Det er også eit inkluderande fag der utanforskap kan reduserast gjennom at elevane er aktive i samspel med kvarandre.

Studiet har desse hovudkomponentane

Grunnleggande erfaringsbasert og forskingsbasert opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd, musikalsk barne- og ungdomskultur, begynnaropplæring i musikk, og innføring i skulefaget musikk slik det er forma for trinna 1-7 og 5-10 i gjeldande læreplan.

Dei fagdidaktiske delane av studiet er sikta inn mot arbeidet med elevane si musikkfaglege læring gjennom heile grunnskuleløpet. Tilpassa opplæring og ulike former for vurdering er tema som blir inkludert i emnet både for 1-7 og 5-10-lærarar. Undervisningsstoff og arbeidsmåtar i studiet skal gi deg ferdigheiter, kunnskapar og erfaringar som gjer deg fortruleg med begynnaropplæring og vidare progresjon i musikkfaget.

Studieform

Arbeidet i studiet skjer gjennom samlingar, gjennom nettbasert undervisning, rettleiing og gruppearbeid, og ved at du bruker og reflekterer over dette i din eigen undervisningspraksis.