Hopp til innhald

Studieplan - Musikk 1, 1.-10. trinn

Hausten 2021

å gi alle barn og unge musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i musikk gjennom aktivitetsformane musisering, komponering og lytting.

å skape ein god samanheng mellom di eiga musikkfaglege utvikling, og din fagdidaktiske kompetanse i å planlegge, gjennomføre og reflektere over musikkundervisning.

Musikkfaget er godt eigna som regifag innanfor dei tverrfaglege temaa demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmestring og berekraftig utvikling som vi finn i fagfornyinga. Det er også eit inkluderande fag kor “utanforskap” kan reduserast gjennom at elevane er aktive i samspel med kvarandre.

Grunnleggande erfaringsbasert og forskingsbasert opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd, musikalsk barne- og ungdomskultur, begynnaropplæring i musikk og innføring i skulefaget musikk slik det er forma for trinna 1–7 og 5-10 i gjeldande læreplan.

Dei fagdidaktiske delane av studiet er sikta inn mot arbeidet med elevane si musikkfaglege læring gjennom heile grunnskuleløpet. Tilpassa opplæring og ulike former for vurdering er tema som blir inkludert i emnet både for 1-7 og 5-10-lærarar. Undervisningsstoff og arbeidsmåtar i studiet skal gi deg ferdigheiter, kunnskap og erfaring som gjer deg fortruleg med begynnaropplæring og vidare progresjon i musikkfaget.

Arbeidet i studiet skjer gjennom samlinger, gjennom nettbasert undervisning, rettleiing og gruppearbeid, og ved at du bruker og reflekterer over dette i di eiga ordinære undervisning.