SPB801 Spesialpedagogikk i barnehagen

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Formålet med vidareutdanninga Spesialpedagogikk i barnehagen er å styrke den spesialpedagogiske kompetansen til barnehagelæraren generelt, og auke kompetansen i arbeidet med barn med språklege og sosiale utfordringar. Rammeplan for barnehagen sine føringar om mangfald, likeverd, likestilling, inkludering, tidleg innsats og livsmeistring vil liggje som grunn for studiet. Studiet vil fokusere på kvalitet i barnehagen, og korleis kvalitet i barnehagen er sentralt for å gje barn gode språklege og sosiale erfaringar. Studiet vektlegg barnehagelærars rolle i tverrfagleg samarbeid, korleis ein kan observere og kartlegge vanskar tidleg, og korleis ein kan setje i gang ulike tiltak inkludert nytte digitale verktøy. Kvalitet i barnehagen, barnehagelærarrolla og didaktiske implikasjonar vil liggje som ei raud tråd gjennom heile vidareutdanninga.

Innhald

  • Teoretiske innfallsvinklar i spesialpedagogikk, lovverk, meistring og inkludering
  • Barn med ulike psykososiale vanskar
  • Barn med språk- og kommunikasjonsvanskar  
  • Kartlegging, observasjon og dokumentasjon av språkutvikling og psykososial utvikling
  • Kartlegging av barnehagens læringsmiljø og kritisk refleksjon rundt eiga rolle som barnehagelærar

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • har innsikt i spesialpedagogisk arbeidsgang, tverrfagleg samarbeid og aktuelle lovverk
  • har innsikt i barns språkutvikling, inkludert fleirspråkleg utvikling, og ulike språk- og kommunikasjonsvanskar
  • har kunnskap om tilrettelegging av  eit godt og stimulerande språkmiljø
  • har innsikt i barns sosiale utvikling og ulike psykososiale vanskar
  • har kunnskap om tilrettelegging av gode og utviklande psykososiale miljø
  • har kunnskap om korleis barn inngår i samspel i barnehagen

Ferdigheiter

Studenten skal:

  • kunne kartlegge og observere barns språkutvikling og anvende dette  som grunnlag for systematisk arbeid og refleksjon rundt arbeid med barns språkutvikling
  • kunne kartlegge og observere barns sosiale utvikling og anvende dette som grunnlag for systematisk arbeid og refleksjon rundt arbeid med barns sosiale utvikling
  • kunne setje inn ulike språklege tiltak for barn som treng ekstra støtte i si språkutvikling, her under mellom anna teikn-til-tale
  • kunne setje inn ulike sosiale tiltak for barn som treng ekstra støtte i si sosiale utvikling, her under ulike sosialt støttande program
  • kunne nytte digitale verktøy som spesialpedagogisk tiltak

Generell kompetanse

Studenten:

  • har innsikt i verdien av språkstimulering i barnehagen og betydninga av tidleg innsats
  • har innsikt i barnehagens rolle som sosialt inkluderande og meistringsarena for barn
  • har innsikt i tilhøve som legg rammer for leiing av endrings- og utviklingsprosessar og kunne reflektere kritisk rundt dei
  • kan kritisk vurdere eiga rolle som barnehagelærar for barn med spesialpedagogiske behov
  • har utvikla innsikt, haldningar og refleksjonsevne over spesialpedagogisk arbeid i barnehagen på individ og systemnivå

Krav til forkunnskapar

Fullført førskule-/barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk som kvalifiserer for pedagogisk leiarstilling i barnehagen.

Tilleggskrav: Vere tilsett i ein barnehage. 

Tilrådde forkunnskapar

Barnehagelærar

Undervisnings- og læringsformer

Tilbodet er en del av satsinga Kompetanse for framtidas barnehage. Studiet går over to semester og er kombinert nettbasert og samlingsbasert studium, med to tre-dagars samlingar og fire nettsamlingar per semester. Studiet kombinerer førelesningar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjon og gruppearbeid. Mellom samlingane skal  studentane arbeide i nettbaserte studiegrupper, i tillegg til sjølvstudium.

Me brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøy. Du vil få ei innføring i bruken av nettkonferanseverktøy.

Arbeidskrav

Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga (80 %). Det er totalt fire arbeidskrav, både individuelle og gruppearbeid. To av arbeidskrava skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis.

  • Ei skisse for utprøving av ny fagleg kunnskap gjennom eit lite FoU-prosjekt på eigen arbeidsplass
  • Eit arbeidskrav er knytt til kunnskapsdeling i eige kollegium i barnehagen om kartlegging og observasjon
  • Ei fagtekst om barn med språkvanskar i eit inkluderande barnehagemiljø
  • Eit digitalt arbeidskrav i gruppe om barn med sosiale vanskar og tiltak

Vurderingsform

  • Oppgåve - skriftleg rapport frå FoU-arbeid gjennomført på eigen arbeidsplass (tel 60 %)
  • Heimeeksamen tre dagar (tel 40%)
  • Karakterregel A - F, F er lik stryk

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel