BARN310 Prosjektarbeid i barnevernsfagleg arbeid

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studentane tileigne seg kunnskap og erfaring med bruk av prosjektarbeid som arbeidsmåte i barnevernsfagleg arbeid og i tverrprofesjonelle samhandlingssituasjonar. Gjennom prosjektarbeid i gruppe, skal studentane tileigne seg kunnskap og ferdigheiter i deltakardemokratiske metodar, kommunikasjon, samskaping og innovasjon. Studentane skal jobbe prosjektretta, i tett samarbeid med praksisfeltet. Integrert i dette, vil studentane bli utfordra til å formulere kunnskap i spennet mellom teori og praksis. Prosjektgruppene skal gjennomføre ei undersøking med datainnsamling og analyse med mål om tenesteforbetring eller eit endringsarbeid.

Sentrale tema i dette emnet er prosjektarbeid, tverrprofesjonell samarbeidslæring, kunnskapsbasert praksis, metode i prosjektarbeid.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten …

  • har kunnskap om prosjektteori, prosjektorganisering og prosjektleiing.
  • har kunnskap om samfunnsarbeid og endringsprosessar basert på barnevernsfagleg arbeid.
  • har kunnskap om vitskapleg tenke og arbeidsmåte, samt kjennskap til fagdebattar, forsking og utviklingsarbeid med relevans for prosjektarbeidet.
  • har kunnskap om tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid i forbetringsarbeid.
  • har kjennskap til nytenking og innovasjonsprosessar.

Ferdigheiter:     
Studenten...

  • kan nytte prosjektarbeid som arbeidsform. 
  • kan anvende kunnskap og kompetanse til å initiere eit prosjekt med relevans for barnevernsfeltet og kunne kople dette til tverrfagleg samarbeid.
  • kan anvende kunnskap frå prosjektarbeid til fagutvikling, kvalitetsforbetring og tenesteinnovasjon.
  • kan presentere resultat av prosjektarbeid både skriftleg og munnleg.

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan planlegge, gjennomføre, grunngje, evaluere og dokumentere eit prosjektarbeid saman med andre.
  • har kompetanse i samarbeid og kommunikasjon i gruppe.

Krav til forkunnskapar

Alle emne i første studieår og tredje semester (BARN200, BARN210) og BARNP2 må vere bestått for å starte i femte semester (haust 3. studieår). 

Tilrådde forkunnskapar

Studentar som har gjennomført arbeidskrava i BARN300 vil ha større utbytte av undervisninga i dette emnet.

Undervisnings- og læringsformer

I dette emne vert det lagt vekt på studentaktive undervisnings- og arbeidsformer som  forelesingar, seminar, rettleiing, og sjølvstendig arbeid i grupper med prosjektarbeid. Gruppene skal vere på 4 - 5 studentar. Alle grupper får tildelt ein rettleiar, og nærvær på rettleiing av prosjektarbeidet er obligatorisk. Som avslutning på prosjektperioden skal alle gruppene levere ein prosjektrapport.

Arbeidskrav

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1. Prosjektseminar

2. Krav om deltaking på rettleiing av prosjektarbeidet

3. Prosjektplan for prosjektarbeidet. Omfang 1000 - 1500 ord. Innlevering skjer i grupper.

Godkjende obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i 3 semester.

Vurderingsform

Eksamen
Deleksamen med to delar, vekta 50/50. Begge delar må vere bestått for å få resultat i emnet.

Del 1: Skriftleg prosjektrapport i gruppe. Omfang 4000 ord +/- 10%.
Gruppa får tilbod om ei rettleiing på rapporten undervegs i emnet.
Alle i gruppene skal bidra til et felles produkt. Oppstår det tvil om en eksamenskandidat har bidratt tilstrekkelig til å få uttelling for et felles produkt skal dette dokumenteres fra alle gruppemedlemene og emneansvarleg. Høgskulen kan gjøre vedtak om at eksamenskandidaten skal regnes for ikke å ha møtt under eksamen. Studenten må da levere en ny oppgåve til ny eksamen.

Del 2: Munnleg eksamen i form av ein posterpresentasjon.
Posteren presenteres muntlig for to sensorer. Rammen for studentenes muntlige presentasjon er 20 minutter. Eksaminasjonen inkludert karaktergiving settes til totalt 30 minutter.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen
Ved karakteren F på ordinær eksamen;
Del 1: Gruppa leverer omarbeida prosjektrapport
Del 2: Poster presenteres munnleg på ny eksamen

Ved neste ordinære eksamen må heile emnet takast på nytt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Munnleg eksamen: prosjektrapport og poster.

Prosjektrapport: alle hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel