Hopp til innhald

BIDR211 Førebyggjande fysisk aktivitet

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet Aktivitetsmedisin 1 handlar om korleis fysisk aktivitet kan førebygge og behandle dei vanlegaste ikkje-smittsame sjukdomane hjå vaksne. Studentane får kunnskap og kompetanse om sjukdomslære, val og dosering av aktivitet og treningsmetode tilpassa dei aktuelle tilstandane og deira risikofaktorar. Studentane får også praktisk opplæring i korleis ein gjennomfører ein helseprofilvurdering og relevante testar for fysisk form og funksjon på individnivå.  

I emnet skal studentane gjennomføre punktpraksis i treningsplanlegging og -rettleiing (ca. 20 timar).  

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:  

Kunnskapar 

Studenten

  • har kunnskap om sentrale omgrep innan fagområdet 
  • har brei kunnskap ikkje-smittsame sjukdomar og desse tilstandane sine risikofaktorar  
  • har brei kunnskap om korleis fysisk aktivitet kan brukast som primær, sekundær og tertiær førebygging  
  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid som ligg til grunn for val av treningsmetodar og dosering av fysisk aktivitet innanfor fagområdet 

 

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan anvende fagleg kunnskap og forsking til å planlegge og gjennomføre fysisk aktivitet og trening for målgruppa  
  • kan gjennomføre og reflektere over metodar i helseprofilvurdering og lungefunksjon 
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing 

 

Generell kompetanse 

Studenten

  • har innsikt i årsakssamanhengar mellom fysisk aktivitet, trening og risikofaktorar 
  • kan planlegge og gjennomføre fysisk aktivitet og trening for personar med ikkje-smittsame sjukdomar og desse tilstandane sine risikofaktorar 
  • kan formidle sentralt fagstoff 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

IDF101 Treningslære, BIDR210 Fysiologi og treningslære 

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer. Det blir gjennomført punktpraksis i treningsplanlegging og -rettleiing med omfang 20 timar som del av emnet. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen: 

  • Deltaking på praksisførebuing og evaluering 
  • Punktpraksis og -rapport 
  • Helseprofil, laboratoriekurs og -rapport 

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytt til læringsutbytta om å anvende fagleg kunnskap til å planlegge og gjennomføre trening og fysisk aktivitet i eit førebyggande perspektiv, samt gjennomføring og metodisk refleksjon over helseprofilvurdering. 

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen (30 minutt). Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel