Hopp til innhald

BARN110 Danning og akademisk handverk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar og fag si forståing av og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til utdanning og berekraft for å fremja perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.

Danning seier noko om korleis personlegdom, oppførsel og moral til eit menneske formast i eit samfunn. Menneskets evne til å forma seg og la seg forma med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.

Utdanning byggjer menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring.

Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).

Emnet går i det første semesteret av studiet og skjer i samspel med studentar, og fagleg og administrativt tilsette. Innføringsemnet har ein felles del som utgjer 5 studiepoeng og ein spesifikk utdanningsdel på 2,5 eller 5 studiepoeng. Delen som er felles og utdanningsdelen utgjer ei integrert eining.

Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha fylgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Kandidaten...

  • kjenner til hovudlinjene i diskusjonen om berekraftig utvikling i det globale samfunnet
  • har kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og forskingsbasert kunnskap
  • har kunnskap om relevansen av profesjonell kompetanse og om forholdet mellom teori og praksis i eigen profesjon eller i eige fagområde
  • har kunnskap om forholdet mellom profesjonell kompetanse, arbeidsliv og samfunn i samtid og fortid
  • har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid
  • har kunnskap om etikk

Ferdigheit: Studenten...

  • kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt
  • kan identifisere og reflektere over sentrale etiske problemstillingar og dilemma
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging
  • kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe
  • kan formidle sentralt fagstoff og diskusjonar om berekraft og vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasserompedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas.Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursforelesningar og aktivitetar som fremjar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Studentane får rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet:

  1. Individuelt refleksjonsnotat knytt til berekraft og eigen profesjon eller eige fagområde (lengde på notatet må definerast av studieprogramansvarleg i tråd med emneomfang).
  2. Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  3. Deltaking i gruppearbeid med rettleiing knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft samt refleksjon omkring eige fagområde og til vitskapane generelt.

Ved fråver frå obligatoriske læringsaktivitetar gjeld same reglar som for fråver i praksis jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Vurderingsform

Skriftleg gruppeoppgåve, lengde 1500 ord +/- 10%

Vurderingsuttrykk Bestått/Ikkje bestått

Ny eksamen Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere omarbeidd versjon seinast ved utgangen av påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle. For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NABP1003 - Danning og akademisk handverk - Sjømannskap - Reduksjon: 5 studiepoeng