Hopp til innhald

BO6-2009 Munnleg eksamen for bachelor i eiendomsmegling

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Studiet vert avslutta med ein munnleg eksamen, som vert arrangert ved semesterslutt, og som omfattar dei tre fagområda jus, eigedomsmekling og oppgjer av eigedomshandel.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne/eksamen kan studenten:

  • gjere greie for alle dei sentrale kjerneområda innanfor eigedomsmekling
  • gjere greie for lover og forskrifter som er viktige i kvardagen til ein eigedomsmeklar
  • gjennomføre oppgjer og gjere greie for behandling av fortrulege midler
  • gjere greie for korleis ein eigedomsmeklar arbeider med formidling av fast eigedom til privat- og bedriftsmarknaden
  • gjere greie for etiske problem knytte til eigedomsmeklaryrket gjennom ei grunnleggjande forståing av god meklarskikk

Krav til forkunnskapar

Føresetnaden for å kunne gå opp til munnleg eksamen, er at studentane må ha avlagt alle skriftlege eksamenar i studiet, jf § 4-3 i Forskrift om eiendomsmegling av 23. november 2007.

Tilrådde forkunnskapar

Studenten må ha avlagt alle eksamener i bachelorstudiet for å kunne ta munnleg eksamen.

Undervisnings- og læringsformer

Munnleg eksamen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen.

Munnleg eksamen kan omfatte spørsmål innanfor følgjande tre område etter § 4-2 i Forskrift om eiendomsmegling av 23. november 2007.

  1. dei lovreglane og forskriftene som ein som utøver eigedomsmeklaryrket, kjem i kontakt med
  2. eigedomsmekling i praksis og dokumentbehandling
  3. rekneskapslære, økonomi og oppgjer ved omsetning av rettar i fast eigedom, her medrekna behandling av klientmidlar

Karakter: greidd/ikkje greidd.

Studenten kan bli prøvd i emne vedkomande har fått fritak for.

Hjelpemiddel ved eksamen

Norges lover, særutgåver av lover og forskrifter.

  • Norges Eiendomsmeglerforbunds håndbok.
  • Etiske reglar for Norges Eiendomsmeglerforbund

Meir om hjelpemiddel