BSDAUT200 Praksisstudiar i kommunehelsetenesta
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet er eit rettleia praksisstudie som omfattar personsentrert sjukepleie til menneske med komplekse og samansette pasienttilstandar og sjukdomsbilete i den kommunale helse- og omsorgstenesta med særskilt fokus på pasientar og pårørande i heimesjukepleietenesta
Studenten nyttar sjukepleieprosessen i si utøving av sjukepleie med særskilt fokus på behandling, rehabilitering og lindring i samhandling med pasient, pårørande og anna helsepersonell.
Det vert lagt vekt på tverrfagleg samarbeid, teknologi og helse, pasienttryggleik og brukarmedverknad og fagleg leiing.
Emnet har i tillegg fokus på følgande tema:
- Dokumentasjon og journalsystem
- Gjeldande myndigheitskrav
- Legemiddelhandtering og -rekning
- Praktisk teoretisk fagprøve i sykepleie
Det er krav om 90% frammøte i praksisdelen av emnet som er på 8 uker.
Praktisk teoretisk fagprøve innebærer ein test i sykepleiefagleg kompetanse basert på grunnleggande sjukepleie, sjukepleie i spesialisthelsetenesta ved akutt/kritiske sjukepleiesituasjonar.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap: Studenten…
- har kunnskap om teknologi og digitale løysingar.
Ferdigheiter: Studenten…
- kan nytte fagleg kunnskap om helse og sjukdom ved komplekse og samansette pasienttilstandar og sjukdomsbilete for å systematisk observere, vurdere, avgjere, sette i verk og dokumentere hensiktsmessige sjukepleietiltak, samt evaluere effekten av desse og justere ved behov-
- kan nytte fagleg kunnskap for å initiere og bidra til tverrfagleg, tverrprofesjonell og tverrsektoriell samhandling, for å sikre eit koordinert, heilskapleg og samanhengande behandlingsløp på tvers av verksemder og nivå.
- kan nytte relasjons-, kommunikasjons- og rettleiingskompetanse i møte med brukarar, pasientar og pårørande.
- kan nytte kunnskap om utgreiing, behandling og oppfølging for å understøtte pasienten sitt avgjerdsgrunnlag.
- kan reflektere over og handtere faglege, etiske og juridiske problemstillingar i tråd med gjeldande lover og retningslinjer, samt justere eigen praksis i si tenesteutøving.
- kan finne og vurdere risikofaktorar knytt til individ, system og miljø, samt dokumentere, og systematisk følge opp dette og sette i verk relevante tiltak.
- kan beherske kartleggings-, vurderings-, dokumentasjons- og kommunikasjonsverktøy i utøving av sjukepleie.
- kan beherske relevant medisinsk teknisk utstyr i kommunehelsetenesta.
- kan beherske undervisning og veiledning av eldre og deres pårørende, samt kollegaer i kommunehelsetjenesten.
- kan gå inn i og åpner opp for den vanskelige samtalen i møtet med eksistensielle spørsmål.
- ser betydningen av helsefremmende og forebyggende arbeid blant eldre.
- bidrar til omstilling og mestring, samt bearbeiding av sorg og tapsreaksjoner i alderdommen.
Generell kompetanse: Studenten…
- kan leie og prioritere oppgåver i sjukepleietenesta.
- har innsikt i kvalitetsindikatorar og standard terminologi i dokumentasjon av sjukepleie.
- har innsikt i korleis pasientar sin språklege og kulturelle bakgrunn utfordrar ivaretaking av kvalitet og pasienttryggleik, samt kunnskap om bruk av tolk.
- har innsikt i utvikling og bruk av teknologi og digitale løysingar på individ- og systemnivå i helsetenesta.
- kan planlegge og gjennomføre sjukepleie til menneske med samansette og komplekse pasienttilstandar og sjukdomsbilete og gjennomføre sjukepleie til menneske i palliativ fase.
- kan planlegge og gjennomføre forsvarleg legemiddelhandtering, medrekna legemiddelrekning, og kvalitetssikrar den enkelte pasient sin legemiddelbruk..
- kan planlegge og gjennomføre kommunikasjon og samhandling med pasientar og pårørande basert på respekt, medbestemming og integritet.
- kan arbeide tverrprofesjonelt og tar initiativ til tverretatlig samarbeid.
- kan planlegge og gjennomføre målretta samarbeidsprosessar med pasientar/brukarar, pårørande og andre tenesteutøvarar, og kan førebygge og løyse konfliktar
- kan planlegge og gjennomføre tiltak som sikrar trygg overføring av pasientar mellom ulike einingar og nivå i helsetenesta..
- kan planlegge og gjennomføre tenesteutvikling i samarbeid med pasientar og pårørande.
- kan formidle fagleg kunnskap og relevant resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar både skriftleg og munnleg, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis.
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- Arbeid i grupper
- Multimodale ressursar
- Formidling frå studentar
- Rettleiing
- Medstudentrespons
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjent før kandidaten kan starte i direkte pasientretta arbeid/praksis:
- Følgedag med lærer
- Individuell skriftlig medikamentrekninstest (må vere 100% rett)
- TVEPS
Godkjend læringsaktiviteter er gyldig i 3 semester.
Vurderingsform
Praksisstudiane vurderast til bestått/ikkje bestått.
Vurderinga baserer seg på studenten si prestasjon i praksis som inkluderer om læringsutbyta er oppfylt. I vurderinga inngår krav om 90 % nærvær.
Fråvær utover 10% inneber ikkje bestått praksisstudium.Det medfører at heile eller deler av praksisperioden må tas om att.
Dersom det oppstår tvil om studenten vil nå læringsutbyte og bestå praksis, og tvilen oppstår før studenten er halvvegs i praksisperioden, skal studenten få skriftleg varsel. I varselet skal praksisrettleiar angi kva studenten ikkje meistrar, og kva krav som må oppfyllast for å bestå praksis.
Ny praksis Ikkje bestått praksis medfører endra studieprogresjon der praksisperioden i sin heilhet gjennomførast saman med neste kull.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel