HMA801 Teoretiske prinsipp for sunn aldring
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
"Sunn aldring" handlar om alt det som skal til for at eldre har det så godt som mogeleg. Det handlar mellom anna om å få delta i samfunnet, bruke sine eigne ressursar, få hjelp til det ein har behov for hjelp til og å bli ivaretatt som person. Det handlar om korleis vi legg til rette for eit aldersvenleg samfunn. I dette emnet skal vi sjå på dei teoretiske prinsippa som ligg bak dette omgrepet og bruke dette til å forstå behova eldre har for helse, velvære og deltaking.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har avansert kunnskap om kompleksiteten mellom ulike perspektiv på aldring
Ferdigheter:
Studenten…
- kan oppsummere og samanlikne noverande og framtidige behov for å fremme helse, velvære og deltaking for eldre vaksne med ulik grad av skrøpelegheit og i ulike samanhengar
- kritisk reflektere rundt faktorer som fremjer/hindrar sunn aldring gjennom eit livsløp
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan forstå aldring som eit komplekst, fleirdimensjonalt fenomen
- kan kritisk anvende og formidle kunnskap om verknaden av aldring på individ, familiar og lokalsamfunn
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Dette emnet er eit heildigitalt emne som består av innspelte forelesingar, oppgåver og anna digitalt materiale. Studentane skal arbeide med ei oppgåve gjennom heile emnet for å synleggjere oppnåing av læringsutbyta. Det blir gitt rettleiing på dette arbeidet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Oppgåve
Skriftleg, individuell oppgåve med rettleiing, 1500 ord +/- 10% .
Vurderingsuttrykk
Bestått / ikkje bestått
Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen kan studenten levere ei bearbeida oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel