Hopp til innhald

KUN811 Kunst- og kulturformidling

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet gir kunnskap og ferdigheiter i formidling gjennom kunstfaglege metodar innan drama og visuell kunst. Studiet har som mål å utvikle formidlingspraksisar som skal legge til rette for demokratiutøving, medborgarskap og fleirstemmigheit. Gjennom studentaktive undervisningsformer blir det lagt vekt på kritisk refleksjon, utforsking av metodar og strategiar, og dialogbaserte tilnærmingar for å engasjere eit mangfaldig publikum.

Emnet er nett- og samlingsbasert og rettar seg mot formidlingsarbeid ved ulike kunst- eller kulturinstitusjonar som museum, teater, galleri, kulturhus, litteraturhus, konserthus, bibliotek, festivalar og i det frie kunstfeltet.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner til relevant teori om ulike kunstfaglege formidlingsmetodar og -strategiar
  • har utvikla forståing for ulike publikumsbehov og korleis desse kan påverke praksisfeltet
  • kan reflektere kritisk over eigen formidlingspraksis

Ferdigheiter

Studenten

  • kan skape rom for dialog og meiningsbryting med eit særleig fokus på mangfald i møte med publikum
  • kan reflektere over korleis ulike kunstfaglege formidlingsstrategiar fremjar deltaking i kunst- og kulturformidling og bidrar til demokratiutøving og medborgarskap
  • kan tilpasse formidlinga til ulike kontekstar og miljø

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over maktforholda som påverkar formidling, og utvikle etisk bevisste formidlingspraksisar som fremjar demokrati og medborgarskap i eiga yrkesutøving
  • kan planlegge og gjennomføre formidlingsprosjekt som integrerer kunstfaglege metodar for å styrke deltaking og publikumsengasjement
  • kan skape trygge rom for deltaking og interaksjon, og fremje publikum sin eigarskap og tilknyting til kunst- og kulturformidling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Kunst- og kulturformidling er eit samlings- og nettbasert emne med to fysiske samlingar, kvar av dei på tre dagar, i tillegg til nettøkter. På samlingane blir det i stor grad lagt opp til praktisk arbeid med rettleiing, noko som føreset at studentane er fysisk til stades og tar aktivt del i læringsaktivitetane. I tillegg møter studentane undervisnings- og læringsformer som faglege samtalar, gruppediskusjonar og kvarandrevurdering.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen:

  • OLA 1: Utvikling og utprøving av eit eige formidlingsarbeid som viser korleis eit tema kan iscenesetjast ved hjelp av kunstfaglege metodar. Erfaringar frå utprøvinga skal presenterast for medstudentar.
  • OLA 2: Obligatorisk deltaking i undervisning, både på fysiske samlingar og i nettbasert undervisning. Det er krav om minst 80% oppmøte.

Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Studenten skal levere eit refleksjonsnotat på 500 ord som dokumenterer prosessen med å utvikle og prøve ut eit kunstfagleg formidlingsopplegg. Notatet skal innehalde både tekst og bilete.

Karakterskala: Bestått/ikkje bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler er tillatt

Meir om hjelpemiddel