Hopp til innhald

RE6-2014 Internship

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

I emnet Internship skal studenten få innsikt i og kunnskap om det daglege arbeidet i service- eller reiselivsverksemder på eit administrativt nivå. Gjennom autentiske arbeidsoppgåver, refleksjon og rettleiing skal studentane tileigne seg forståing for metodar, problemstillingar, prosessar og verktøy i arbeidslivet knytt til verksemda eller organisasjonen. Emnet skal bidra til at studentane får reflektere over teorien dei har tileigna seg i løpet av dei føregåande semestera og eventuelle sentrale problemstillingar i næringa.

Emnet skal bidra til at studenten kan nytte teori frå dei fyrste tre semestera til å utvikle både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse innan reiseliv, marknadsføring og leiing på ein tverrfagleg og heilskapleg måte. Gjennom praktisk erfaring får studentane nytte teori i verkelege arbeidsmiljø, noko som gjev dei verdifull innsikt og ferdigheiter som er nødvendige for ei karriere innan reiseliv. Studenten skal arbeide i ein bedrift eller organisasjon opptil 450 timar. Studenten kan velje å ta praksis i Norge eller i utlandet.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal

  • Ha brei kunnskap om sentrale problemstillingar, tema, teoriar, metodar og verktøy innan drift, utvikling og leiing av reiselivsbedrifter
  • Tileigne seg kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid innan drift, utvikling, marknadsføring og leiing av reiselivsbedrifter.
  • Tileigne seg kunnskap om historia, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet til reiselivsnæringa.
  • Tileigne seg kunnskap om bruk av teori og metode gjennom praktisk nytte i ei bedrift eller ein organisasjon.
  • Tileigne seg kunnskap kring praktisk drift av ei reiselivsbedrift eller reiselivsorganisasjon
  • Tileigne seg kunnskap om samanhengen mellom forskjellige emne i studiet og korleis desse vert brukt i ei bedrift eller organisasjon.
  • innan det valte fagområde tileigne seg kunnskapar om sentrale tema, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar i bruk

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • Nytte fagleg kunnskap og teori på praktiske problemstillingar og løyse desse på best mogleg måte
  • Nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forsking- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og kunne ta avgjersler med god grunngjeving.
  • Reflektere over eigen fagleg gjennomføring og justere denne i høve rettleiing.
  • Finne, vurderer og vise til informasjon og fagstoff som tek opp og løyser problemstillingar innan generell drift, utvikling og leiing av ei reiselivsbedrift.
  • Beherske relevante verktøy, teknikkar og uttrykksformer innan drift, utvikling og leiing av ei reiselivsbedrift
  • Vere i stand til å utføre arbeidsoppgåver innan det valte praksisområdet

Generell kompetanse:

Studenten har:

  • innsikt i krav og retningslinjer i arbeidslivet.
  • evne til å stille faglege spørsmål som kan bidra til vidareutvikling av bedrifta eller organisasjonen.
  • evne til å kommunisere og samarbeide med involverte partar i og utanfor verksemda
  • evne til å sjå den tverrfaglege heilskapen kring reiseliv, marknadsføring og leiing og nytte denne kompetansen til beste for bedrifta og organisasjonen og samfunnet elles.
  • sett nytten av og blitt inspirert til å holde seg faglig oppdatert
  • evne til å planlegge og løyse faglege oppgåver sjølvstendig
  • kjennskap til nyskaping og innovasjonsprosessar.
  • Kjennskap og kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar.
  • innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

RE6-2013 Introduksjon til praksis i reiselivsnæringa

Undervisnings- og læringsformer

  • For det meste arbeid i bedrift eller organisasjon.

Men det kan og bli:

  • Digitale ressursar
  • Forelesing
  • Formidling frå kollegaer, studentar og rettleiar.
  • Ferdigheitstrening
  • Simulering
  • Rettleiing
  • Medstudentrespons
  • Eigenvurdering
  • Oppgåveløysing
  • Skriftleg arbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav 1: Obligatorisk deltaking i praksis i bedrift eller organisasjon opptil 150 timar og refleksjonsnotat. Nøyaktig tal timar skal avgjerast av emneansvarleg.

Arbeidskrav 2: Obligatorisk deltaking i praksis i bedrift eller organisasjon opptil 150 timar og refleksjonsnotat. Nøyaktig tal timar skal avgjerast av emneansvarleg.

Arbeidskrav 3: Obligatorisk deltaking i praksis i bedrift eller organisasjon opptil 150 timar og refleksjonsnotat. Nøyaktig tal timar skal avgjerast av emneansvarleg.

Arbeidskrav 4: Deltaking seminar med munnleg presentasjon.

Vurderingsform

Individuell mappeeksamen med fire deler som inneheld praksisrapport

Dei fire delene er skildra som dei fire refleksjonsnotata i arbeidskrava.

Karakter: Bestått eller ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt

Meir om hjelpemiddel